Områdevikar barnehage
Luster kommune Oppvekst
Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne
Om jobben
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Me har stort behov for fleire kollegaer i barnehagesektoren frå 1. august 2024. Omsorg og tryggleik er viktig i barnehagane, og me er spesielt på utkikk etter:
- deg som er vaksen og ansvarsbevisst
- deg som likar å vera saman med barn
- deg som held avtalar og er fleksibel på arbeidstider mellom 07.00-16.00
Stillingsinformasjon
- Ledig inntil 200 % fast stilling som områdevikar i barnehagane
- Oppmøtestad Gaupne, eventuelt annan krins etter avtale
- Køyring til annan barnehage enn oppmøtestad vert godtgjort
Kvalifikasjonar
- Arbeidserfaring frå barnehage er ønskjeleg, men ikkje noko krav
- Førarkort
- Tilsetjing krev godkjent politiattest
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar som vert vektlagd
- tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setja grenser
- evne til å byggja relasjonar med barn og vaksne
- har tolmod
- ønske om å bidra positivt i arbeids- og barnehagemiljøet vårt
Me kan tilby
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre arbeidsvilkår
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale, med utgangspunkt i gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar
- Me gjer merksam på at i offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkjar bli offentlegjort om sjølv om du har oppmoda om ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før sølkjarlista vert offentleg gjort.
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Luster kommune ligg inst i Sognefjorden, har omlag 5.300 innbyggjarar og er ein av dei største kommunane i Sør-Noreg. Me har tre nasjonalparkar, verdsarven Urnes stavkyrkje, vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert - frå tradisjonelt landbruk til moderne industriverksemder og stadig meir varierte servicebedrifter. Luster har godt utbygde desentraliserte tilbod og mange levande bygder. Kommunesenteret Gaupne ligg 25 minutt frå region- og utdanningssenteret Sogndal. Kommunen har gode tenester, styrings- og kvalitetssystem. Meir informasjon finn du på: www.luster.kommune.no
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/f8915265-a527-4dd3-a2c7-d0ef4f693575
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2690525
- Sist endret
22. juli 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3373237_220853_nn