Sjukepleiar / vernepleiar
Akuttposten ligg på Valen sjukehus og har sju behandlingsplassar (og ein psykosebehandlingsplass for sentralsjukehuset) for Folgefonn DPS og Stord DPS sitt opptaksområde. Akuttposten skal gjere gode psykiatriske vurderingar, gi fokusert og kortvarig behandling eller tilvise til behandling på rett nivå.
5451 Valen
Referansenr.:4497221536
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 15.08.2022
Søknadsfrist: 12.06.2022
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiar/ vernepleiar er ein del av det tverrfaglege behandlingsteamet i posten.
- Sjukepleiar /vernepleiar skal gi pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling som er naudsynt for å oppfylle dei krav som er sett for kvar enkelt pasient.
- Rettleiingsansvar for studentar.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar.
- Ønskeleg med erfaring innan psykiatri.
- For å oppretthalde samansetninga av personalgruppa vert menn oppmoda til å søkje.
- Annan relevant kompetanse kan vurderast
Utdanningsretning
- Sjukepleie
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Gode evner til samarbeid og kommunikasjon.
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø.
- Fleksibel.
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing.
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden.
- Arbeidstid turnus med arbeid 3.kvar helg.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Liv Rose Olderkjær Larsen, Funksjonsleiar, (+47) 53466474Arbeidsstad
Sjukehusvegen 265451 Valen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HFReferansenr.:4497221536
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 15.08.2022
Søknadsfrist: 12.06.2022
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.