Ambulansearbeidar
Ambulanse OMR Indre Sogn, Helse Førde
Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ambulansearbeidar
Oppstart
1. april 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest onsdag 12. februar
Prehospital avdeling består av ambulanseseksjonane og AMK Førde, som ligg organisert i kirurgisk klinikk. Ambulansetenesta består av 19 døgnambulansar og 8 dagambulansar. Dette i tillegg til 2 moderne ambulansebåtar som dekkjer kystlinja vår frå stasjon i Solund og Florø. Tenesta har omlag 230 tilsette fordelt på våre 16 stasjonar i helseføretaket sitt nedslagsfelt. Vi har eiga særavtale for kompetansetillegg for ambulansearbeidarar.
Lærdal ambulansestasjon har 17 årsverk, og har 2 døgnbilar (Årdalstangen og Lærdal) i tillegg til dagbil i Lærdal måndag til fredag. Tilsette roterer mellom vakt på hovud- og satelittstasjon. Alle vaktskifte skjer ved hovudstasjon. Tilsette jobbar dagvakter på dagbil og døgnvakter. Alle våre stasjonar har årsplan/kalendarplan.
Arbeidsoppgåver
- Beredskap for, og utføring av ambulanseoppdrag
- Beredskapsretta arbeid, internt utviklingsarbeid og internundervisning
- Delta på undervisning og sertifisering/utsjekk i tråd med tenesta sin kompetanseplan
- Eigentrening og teamtrening
- Kontroll og vedlikehald av beredskapsutstyr og ambulansar
- Reinhald og klargjering av utstyr, uniformar og stasjon
- Interne arbeidsoppgåver på stasjonen og elles i avdelinga
- Utføre sitt arbeid i tråd med gjeldande lover, forskrifter, prosedyrer og internt reglement som gjeld for føretaket
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som ambulansearbeidar
- Førarkort kl. C1
- Kompetansebevis for utrykkingskøyring, kode 160. I tillegg delta på regelmessig vedlikehaldstrening.
- Tilfredstille medisinske krav til førarkort klasse D.
- Politiattest krevst før tilsetting etter lov om Helsepersonell § 20a.
- Bestå trinn 2 kompetanseutsjekk, seinast innan 6 månadar etter tilsetting.
- Stor arbeidskapasitet
- God fysisk helse. Søkjar må bestå fysisk test før tilsetting. Krava ligg på ambulansetenesta sine nettsider.
- Geografisk kjennskap til lokalområdet er fordelaktig
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Personlege eigenskapar vektleggast
- Imøtekomande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Pasientorientert med respekt for den einskilde pasient
- Gode kommunikasjons - og samarbeidsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig, men og vere ein god teamarbeidar/teamleiar for m.a. kunne ta leiing og jobbe effektivt i akuttmedisinske situasjonar
- Halde seg i god fysisk form som krevst for å utføre oppgåvene som ambulansearbeidar
- Like å tidvis ha det hektisk og jobbe med høg aktivitet
- Pliktoppfyllande
- Fleksibel i høve til å jobbe på ulike stasjonar
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
- Triveleg arbeidsmiljø med høve til å påverke eigen arbeidsplass
- Fagleg og personleg utvikling
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Kompetanseutvikling i form av ei teneste i stor fagleg utvikling og eigen kompetanseplan
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Harald Einar Kjønås, Seksjonsleiar, +47 415 30 505Arbeidssted
Sjukehusvegen 96887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4909865139
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.04.2025
Søknadsfrist: 12.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Harald Einar Kjønås
Seksjonsleiar
+47 415 30 505
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2839508
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cba0af56bba64fde9f9137c0f821c4b4