Helsefagarbeidar 50% fast Heimteneste Nord, Varaldsøy
Vi søkjer
I Heimeteneste Nord søkjer vi etter helsefagarbeidar i 50% fast stilling med turnusarbeid og arbeid kvar 3. helg. Stillinga er i hovudsak knytta til arbeidsoppgåver på Varaldsøy og deler av stillinga er arbeid som kvilande nattevakt.
Arbeidsoppgåver
Oppgåvene er knytta til helsefagleg oppfølging av pasientane.
Kvalifikasjonar
- Krav om fagbrev og autorisasjon som hjelplepleiar/helsefagarbeidar
- Den som søkjer må har førarkort på bil
- Grunnleggande datakunnskap
Personlege eigenskaper
- Tolmodig og empatisk med stor respekt for pasienten
- Evne til å skape tryggleik for pasienten
- Er trygg i pleiesituasjon og evnar å vera sjølvstendig
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.