Fagleiar - vikariat
Solbakken omsorgsboliger
Gamleveg 112, 3802 Bø i Telemark
Om jobben
Stillingstittel
Fagleiar - vikar
Oppstart
1. januar 2025
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Har du lyst å prøve deg som fagleder, da er Solbakken ein god stad!
Fagleiar på Solbakken vil vere knytt til leiarteamet. Saman med avdleiar legge tilrette for god fagoppfølging i tenesta. Vi har tru på at fokus på fag gir kvalitet i tenesta og engasjerte og fornøgde medarbeidarar.
Stillinga er delvis i turnus, med 60 % frigjort fag/kontortid.
Solbakken bu og avlastning er eit døgntilbod med mange ulike tenestetilbod. Det er 5 leiligheter i bufellesskapet, pluss ein enkeltbolig, i tillegg gjev vi tenester ut i eigne heimar. Det er og eit avlastningstilbod knytt til tenesta. Totalt sett gir vi tenester til barn og bebuarar frå 5-60 år.
Vi har store fine lokale.
Det er ein spanande og utfordrande arbeidsstad, med mange og varierte faglege utfordringar. Vi har eit godt tverrfaglig samarbeid, både med spesialisthelsetenesta og oppvekstsektoren.
Arbeidsoppgåver
- Samarbeid/oppfølging av dei enkelte fagansvarlige
- Plan og fagarbeid
- Rutiner, prosedyrer; logistikk i avd
- Oppfølging av enkeltvedtak, tvang/makt kap 9
- Veiledning og oppfølging; journalføring
- Fagutvikling, internundervisning i tråd med opplæringsplan
- Assistere avdelingsleiar på enkeltoppgaver ift drift
- Alt arbeid er i tett samarbeid med avdelingsleiar som har det overordna ansvaret for fag i avdelinga
- Stedfortreder for avdelingsleiar i ferier og kortere fråvær
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar- Fortrinnsvis autorisert vernepleier, anna høgskuleutdanning innan helse og sosial kan vurderast
- Erfaring med tjeneste til menneske med utviklingshemming
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Målretta
- Evne til formidling og kommunikasjon
- Positiv
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Ingrid Lømo Ånensen, Avdelingsleiar, +47 41178658Arbeidsstad
Gamleveg 1123802 Bø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 4865003023
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 30.09.2025
Søknadsfrist: 04.11.2024
Om bedriften
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2761536
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b695bca6c6e24df597fcab74b7899238