Heimehjelp innan pleie og omsorg
Vik Kommune Heimetenester
6893 Vik i Sogn
Om jobben
Stillingstittel
Hjemmehjelp
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Me har ledig
80 % vikarstilling som heimehjelp frå snarast t.o.m. 01.02.2025, med mogelegheit for forlenging.
Arbeidsoppgåver
Yta praktisk bistand som husvask, handling og liknande i heimen.
Kvalifikasjonskrav
- God norsk munnleg og skriftleg kompetanse
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Krav om førarkort
Det er ingen spesielle krav til utdanning, men det er ein fordel med erfaring frå arbeid innan omsorgssektoren.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vert vektlagt. Me ser etter deg som:
- er engasjert og positiv
- ynskjer å gjera tenesta god
- er løysingsorientert med god evne til gjennomføring
Løns- og tilsetjingsvilkår
Lønn etter kommunalt avtaleverk.
Kommunenen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Den som vert tilsett må levera politiattest av nyare dato.
Andre opplysningar
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.
Om bedriften
Vik kommune har omlag 2560 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde.
Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod.
Tenestemålet er nynorsk.
Vik kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 270 årsverk fordelt på 330 tilsette og eit brutto driftsbudsjett på 330 mill.kr.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2604697
- Sist endret
15. april 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
a0e7a6b1-75b6-4d6d-880f-c1b15e72edbc