Reinhaldar På Ølve/ Hatlestrand
Kvinnherad kommune Reinhald
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Om jobben
Stillingstittel
Reinhaldar
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Antall stillinger
1
Omtale av stillinga
Eining for reinhald er ein del av sektor Teknikk og miljø. Eininga har ansvar for reinhaldet på kommunale bygg. Eininga har kontor ved Husnes vassverk, men reinhaldsoperatørane utfører arbeidet sitt ute på dei ulike kommunale bygga. Ei av våre reinhaldsoperatørar på Hatlestrand og Ølve skal pensjonere seg. Og vi treng då ein reinhaldar til våre kommunale bygg i dette området.
Vi søkjer ein person med:
- Fagbrev. Er er ønskeleg, men ikkje eit krav.
- Praksis/erfaring i reinhaldsfaget.
- Generell datakunnskap, kunna samhandla og nytta digitale flater som t.d. teams, e-post, og webbaserte system.
- Gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg.
- Evne til å vera fleksibel og serviceorientert.
- Høg arbeidskapasitet, arbeide nøyaktig og systematisk.
- Evne til å jobba sjølvstendig og i team.
- Sertifikat klasse B.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Menn vert oppmoda til å søkja.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.
Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2584609
- Sist endret
2. mai 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3315575_226073_nn