Politibetjent 3/2/1 med funksjon som etterforskar
FEE-Felles Straffesaksinntak (FSI), Avsnitt for etterforsking, beslag og straffesakssstøtte
Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Politibetjent 3/2/1 med funksjon som etterforskar
Oppstart
1. oktober 2024
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
I Vest politidistrikt er det ledig eit antal faste og mellombelse stillingar som politibetjent 3/2/1 innan etterforsking ved Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for felles straffesaksinntak (FSI). Det er òg mogleg at det vert ledig tilsvarande stillingar ved geografisk driftseining Bergen, Askøy og Øygarden (GDE-BAØ).
Etterforskarar ved FSI etterforskar eigne sakar, avhøyrer arrestantar og bistår politifagleg etterforskingsleiar (PEL) i akutte etterforskingsoppgåver. Dei jobbar dagar og kveld i vekedagane og treskiftsturnus kvar tredje helg.
Etterforskarane ved dei geografiske driftseiningane har ansvar for etterforsking innan alle fagområde. Dei jobbar hovudsakeleg dagtid i vekedagane med moglegheit for noko helgejobbing.
Arbeidsoppgåver
- Utføre etterforsking
- Gjennomføre og dokumentere etterforskingsskritt
- Innhente og analysere informasjon
- Registrere/rapportere informasjon i aktuelle registre til bruk i etterretning i tråd med gjeldande regelverk
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen. Vedlagde karakterskjema skal fyllast ut og leggjast ved søknaden (trykk på lenke for vedlegg)
- God munnleg og skriftleg framføring
Ønskeleg:
- Allsidig politierfaring og erfaring som etterforskar vil bli vektlagd
- Relevant vidareutdanning innan etterforsking blir vektlagt
Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og i team i ein hektisk arbeidskvardag
- Fleksibel med omsyn til arbeidsoppgåver
- Evne til kreativ problemløysning
- Gode samarbeidsevner og evne til å skape samhald og trivsel
- Ha engasjement og interesse for fagfeltet
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma politiet i framtida
- Stillinga blir løna som politibetjent 3/2/1 med funksjon som etterforskar (stillingskode 1461/1459/1457), frå ltr 47 / kr 480.900,- til ltr 68 / 667.700,- kr brutto per år.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Håvard Skattum, Avsnittsleiar, Etterforsking, beslag, straffesakssstøtte, 90 65 51 80Sølvi Vetås, Avsnittsleiar, Politifagleg etterforskingsleiing, 95 74 23 87
For spørsmål om elektronisk CV/søknad, Seksjon for HR, 207.HR@politiet.no
Arbeidsstad
Allehelgens gate 65016 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vest politidistriktReferansenr.: 4837774266
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling, Vikar
Startdato: 01.10.2024
Søknadsfrist: 25.08.2024
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2715244
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ca84f4aeb8d94c8388fb7e7228a4e709