Psykolog/psykologspesialist
Poliklinikk rusbehandling TSB Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Strandgata 1, 6415 Molde
Om jobben
Stillingstittel
Psykolog/psykologspesialist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi har ledig ei heil stilling som psykolog/psykologspesialist ved Molde behandlingssenter - Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) poliklinikk.
Avdeling for TSB er ein del av spesialisthelsetenesta i Helse Møre og Romsdal. Avdeling TSB består av fem ulike seksjonar; avrusing, langtidsdøgn, korttidsdøgn og to poliklinikkar som er lokalisert både i Molde og Ålesund. TSB gir tilbod til pasientar med avhengigheit til rusmidlar, vanedannande medikament, anabole stereoidar og spel. Aldersgruppa er frå 18 år og oppover. Vi gir også tilbod til pårørande. Fagmiljøet ved avdelinga er tverrfagleg samansett og inkludera rus-spesialistar, legar, psykologspesialistar/psykologar og helse- og sosialfaglege medarbeidarar med vidareutdanning.
TSB er eit fagfelt i utvikling med forholdsvis ny spesialitet innan rusfag. I tillegg til behandling av avhengigheit, jobbar vi også spesifikt med å utvikle kompetanse i behandling av psykiske lidingar. Vi har eit aktivt forskingsmiljø, med fleire pågåande stipendiatprosjekter. Molde behandlingssenter - langtidsdøgn tilbyr ein behandlingsmetodikk for traume i kombinasjon av narrativ eksponeringsterapi-NET og dialektisk åtferdsterapi-DBT i tillegg til rusbehandling. Vidare satsing tilknytt våre poliklinikkar er implementering av kunnskapsbasert traumebehandlingstilbud til voksne, med fokus på to behandlingsmetoder; Eye Movement Desensitization and Reprosessing (EMDR) og Kognitiv terapi for PTSD (CT-PTSC) som er eit samarbeidsprosjekt med Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress. Implementeringsplan for EMDR og CT-PTSD vil komme i gang medio 2024.
I tillegg har TSB fleksible rammer for andre terapimetoder, bl.a. langvarig psykoterapi då pasientane gis muligheit til meir tidsvarige behandlingsforløp med tett oppfølging. Generelt tilbyr TSB utgreiing og behandling til menneske med avhengighetsproblematikk både gjennom individuelle og gruppeterapeutiske tilnærmingar, bl.a. pasientar med ADHD diagnose (Pegasus), pårørande/familie, ettervern, dagbehandling inkl. trening m.m.
Er dette noko som engasjerer deg, høyrer vi gjerne frå deg!
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Poliklinisk utredning, diagnostisere og behandling av menneske med rusavhengigheitslidingar
- Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter
- Rettleiing og samarbeid med våre aktuelle samarbeidspartnarar i kommune og innan eiga avdeling
- Bidra med psykologisk fagkompetanse i seksjonen og på tvers av avdelinga
Kvalifikasjonar
- Psykologar som ikkje har fullført spesialisering kan også søkje
- Psykologar på lisens i påvente av norsk autorisasjon
- Psykologstudentar i påvente av norsk autorisasjon
- Poliklinisk erfaringar er ein fordel, men ikkje eit krav
- Den som blir tilsett må meistre norsk språk, både munnleg og skriftleg
- Det er krav om å leggje fram politiattest før tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du er fagleg oppdatert og har stor arbeidskapasitet
- Du har gode samarbeidsevner, og likar og jobbe i team
- Evne til å sette pasienten sitt behov i fokus
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
- Evne til sjølvstendig arbeid
- Interesse for nye arbeidsformer innan rusfaget
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid og dyktige kollegaer
- Ein inkluderande og sosial arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Fleksibel og løsningsorientert tilrettelegging
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og aktuell kursing
- Rekrutteringstillegg
- Vi har moderne lokaler sentralt i Molde by
Kontaktinformasjon
Merethe Wenaas, Konst. seksjonsleiar, +47 97580780, Merethe.Wenaas@helse-mr.noArbeidssted
Strandgata 16415 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4839454194
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.09.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2714175
- Hentet fra
talentech
- Referanse
78a7b03f5e724d908d307d0f420a4e07