Helsefagarbeidar
Vi har ledig ei fast, 80 prosents stilling som helsefagarbeidar i pleie- og omsorgsavdelinga. Arbeidsstaden er for tida Herøy omsorgssenter, seksjon raud.
Arbeidstida er per i dag organisert i tredelt turnus, med arbeid to av seks helger.
Seksjon raud er ein somatisk sjukeheimsseksjon ved Herøy omsorgssenter, som ligg på Eggesbønes. Seksjonen har 20 pasientar.
Stillinga er ledig frå dags dato.
Arbeidsoppgåver
- helsefagarbeidaroppgåver
Kvalifikasjonar
- norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- erfaring frå arbeid i sjukeheim kan vere ein fordel
- kan bruke IKT som arbeidsverktøy, erfaring med Gerica er ein fordel
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Personlege eigenskapar
- likar faglege utfordringar
- kan samarbeide godt i team
- har fokus på heilskapleg pasientforløp
- er strukturert, sjølvstendig og god til å prioritere mellom arbeidsoppgåver
- er løysingsorientert og fleksibel
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtale
- gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
- fagdag i turnus kvar 6. veke
- BAT (bevegeleg arbeidstid) som gir personalet større fleksibilitet i turnus
- godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
- IA-bedrift
Tilsetting etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Cecilie Tarberg, Seksjonsleiar, +47 97020582Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 5A6092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4788679085
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.04.2024
Søknadsfrist: 05.04.2024
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy med lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritid-og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!