Behandlar i LAR, sjukepleiar/vernepleiar.
Avdeling for rusmedisin / Legemiddelassistert rehabilitering (LAR), Helse Bergen
Østre Mutallmenning 7, 5012 Bergen
Om jobben
Type ansettelse
Annet, heltid
Org. nr: - Stillingsident: 4153698919 Presentasjon av stillingen:
H else Bergen, Avdeling for rusmedisin, seksjon LAR, har ansvar for om lag 1050 pasientar som er i legemiddelassistert rehabilitering. Av desse er ca. 235 tilknytta LAR Omegn poliklinikk. Vi har ansvar for oppfølging av LAR pasientar i distriktskommunane som er under Haukeland universitetssjukehus sitt opptaksområde.
LAR Omegn som tverrfagleg team består av leiar, overlege i 30-
50 %, psykolog 100 %, og 6 behandlarar (3 sjukepleiarar og 3 sosionomar med vidareutdanning) i 100% stilling. Grunna auke i pasientantalet og meir spissa
oppgåver som behandlarar lyser vi ut ny stilling med tiltredelse 01.02.2020.
Pasientane i LAR har i tillegg til avhengigheit
til rusmidlar oftast somatisk sjukdom og sjukdom innan psykisk helse. Trongen
for behandling er stor og dei er i behov av eit helse- og sosialfagleg tilbod
som er tilpassa deira livsførsel og komplekse sjukdomsbilete. Dette ønsker vi å
skape.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet som behandlar i LAR medfører å ha behandlingsansvar for ei gruppe pasientar med store hjelpebehov. LAR er organisert som ei poliklinisk teneste, der ein arbeidar i team med andre behandlarar, under rettleiing av lege og psykolog.
Ein samarbeider nært med andre deler av spesialisthelsetenesta innan rusbehandling, somatikk og psykiatri.
Samhandlinga med avdeling rus -og psykisk helse og kommunale instansar er særleg viktig for pasienten sin rehabilitering, og dette er særskild viktig i LAR Omegn. Arbeidet vil difor dels vere individuell poliklinisk oppfølging av eit gitt tal pasientar, dels samhandling om pasientar i ansvarsgrupper og dels rådgiving og undervisning overfor samarbeidspartnarar i kommunane.
Arbeidet i LAR Omegn vil medføre en del reising og det er nødvendig at den som blir tilsett har sertifikat og likar å reise ut til møter i kommunane. Kontorarbeidsplassen er for tida ved Østre Murallmenning 7.
Kvalifikasjonar
- Vi søker etter sjukepleiar/vernepleiar, helst med vidareutdanning innanfor rus og psykisk helse, og erfaring med pasientar i LAR. Grunna nytt behandlingstilbod med depot injeksjonar vil det være behov for behandlar med helsefagleg utdanning.
- Det er ein fordel med erfaring med samhandling både i 1. og 2.linjetenesta.
- Norsk autorisasjon.
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø.
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
- Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
Kontaktinformasjon
Anny Berge, teamleiar, 55 97 01 20, anny.berge@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Østre Mutallmenning 7
5012 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4153698919
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 25.11.2019
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
489054
- Sist endret
19. desember 2019
- Hentet fra
webcruiter
- Referanse
4153698919_Avdeling for rusmedisin / Legemiddelassistert rehabilitering (LAR), Helse Bergen_webcruiter