2 faste 100% stillingar som sjukepleiar/annan relevant høgskuleutdanning - Bømlo bu og helsesenter
Bømlo bu og helsesenter har ledig to faste 100% stillingar som sjukepleiar/annan relevant høgskuleutdanning. Bømlo bu og helsesenter har to langtidsavdelingar og ein korttid og rehabiliteringsavdeling. Den ledige stillinga er ved den eine langtidsavdelinga. Ved BBH er me oppteken av å gi pasientane gode dagar, med høg fagleg kvalitet og evne til å sjå den enkelte sine behov. Me vil at tilsette skal halde seg fagleg oppdatert, og bidra til eit godt tverrfagleg samarbeid, og eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar:
Bachelor i sjukepleie eller andre med relevant høgskuleutdanning
Personlege eigenskapar:
- Fleksibel, strukturert og målretta
- Gode samarbeids -- og kommunikasjonsevner
- Raus, engasjert og løysingsorientert
Me kan tilby:
- Ein aktiv og trygg arbeidsplass
- Varierande arbeidsoppgåver
- Høgt fagleg fokus
- Gode kollega
Generelt:
- Stillinga inneber årsturnus med arbeid kvar 3. helg.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
Kontaktpersonar: Avd.leiar Kristina Tolås - 53 42 32 12 / Avd.leiar Anna Iren Stavland -- 53 42 34 04