Vil du vere med å ta Vest-Telemark inn i framtida?
Arbeidsoppgåver
- Prosjektleiar for implementering av velferdsteknologi for alle kommunane i Vest-Telemark
- Samordne og medverke til innovasjon og kompetanseheving og bidra til at velferdsteknologi vert ein naturleg del av tenestetilbodet i regionen
- Få på plass prosedyrar og planarbeid innan velferdsteknologi
- Følge opp aktuelle rammeavtaler innanfor velferdsteknologi og medverke til nye avtaler
- Vidareutvikle kompetanse, tverrfagleg samarbeid og nettverk saman med kommunane
- Leggje til rette for overgang frå prosjekt til varig drift
Rapport frå Forprosjekt -- Velferdsteknologi i Vest-Telemark er tilgjengeleg på http://www.samhandlingvesttelemark.no/
Vi kan tilby
- 100% stilling i 2-årig prosjekt
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjonsordningar i KLP
- Spennande arbeidsoppgåver saman med dyktige medarbeidarar i kommunane
- Kontorstad i innovativt og hyggeleg miljø i næringshagen i Kviteseid sentrum
Kvalifikasjonar
- Master- eller bachelorgrad frå relevant fagområde kombinert med relevant erfaring for stillinga
- God system- og organisasjonsforståing
- Gjennomføringsevne, engasjement og interesse for utviklingsarbeid
- Kjennskap til velferdsteknologi, informasjonstryggleik og personvern
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Evne til å jobbe strukturert
- Evne til å bygge relasjonar
- Erfaring frå prosjektarbeid