Helsesjukepleiar
Herøy kommune, Seksjon førebyggjande
Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg
Om jobben
Stillingstittel
Helsesjukepleiar
Type ansettelse
Engasjement, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi har ledig ei 80 prosents engasjementstilling som helsesjukepleiar. Stillinga høyrer til seksjon førebyggjing (helsestasjonen), som er ein del av avdeling for barn, familie og helse.
Helsestasjonen har fått innvilga prosjektmidlar frå Helsedirektoratet for å styrke det førebyggjande arbeidet for barn og unge i Herøy. Fleire av dei faste tilsette får oppgåver knytte til prosjektarbeid, og vi søker difor ein engasjert og trygg medarbeidar som tek over noko av arbeidet deira.
Stillinga er for eitt år med mogleg forlengjing. Arbeidsoppgåver inkluderer skulehelseteneste i barneskule, men oppgåvene kan bli endra innanfor områda som ligg til seksjonen.
Seksjonen har i dag 8,7 stillingar som helsesjukepleiar, inkludert seksjonsleiar, og 0,8 stilling som jordmor.
Vi samarbeider tett med barn, ungdom, foreldre, barnehagar, skular, fastlegar, fysioterapeutar, psykologar, PPT (pedagogisk-psykologisk teneste), barnevern, teneste for psykisk helse og rus, kvalifiseringssenteret for innvandrarar og EMA (mottak for enslige mindreårige asylsøkjarar).
Herøy kommune har også innført BTS-modellen, "Betre tverrfagleg samhandling". Dette er eit viktig overordna prinsipp for vidare utvikling av helsestasjon- og skulehelsetenesta.
Arbeidsoppgåver
- skulehelseteneste
- helsefremjande og sjukdomsførebyggjande arbeid i samarbeid med andre tenester
- samarbeid med barn, ungdom, føresette og anna tenestetilbod
- vaksinering i tråd med "Forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram"
Kvalifikasjonar
- Vi ønskjer at du er sjukepleiar med vidareutdanning som helsesjukepleiar, eller er under slik utdanning.
- Anna relevant kompetanse på bachelornivå kan bli vurdert, som til dømes sosionom, barnevernspedagog og ergoterapeut.
- Du må leggje fram godkjend politiattest før oppstart i stillinga.
- Du må ha førerkort klasse B og disponere eigen bil.
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert og har interesse for å jobbe med barn, ungdom og føresette.
- Du kan arbeide sjølvstendig, men også i team.
- Du er strukturert og løysingsorientert.
- Du tek initiativ til samarbeid og oppfølging.
- Du har gode samarbeidsevner og er positiv.
- Du handterer krevjande situasjonar og har evne til rask omstilling.
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø med kollegaer som er interesserte i fag- og kompetanseutvikling
- høve til å vere med og bidra i kommunen sine helsetenester
- høve til å delta i etablert tverrfagleg samarbeid for barn og unge og å utvikle samarbeidet
- fleksitid
- god forsikrings- og pensjonsordning
- IA-bedrift
Vi tilset etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Janita Westbø Remøy, Seksjonsleiar seksjon førebyggjande, +47 41693740Arbeidsstad
Eggesbøvegen 116092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4802174443
Stillingsprosent: 80%
Engasjement
Søknadsfrist: 06.06.2024
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy med lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritid-og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!
Nettsted
www.heroy.kommune.no
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2657787
- Sist endret
7. juni 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
990924706b4b499fa1d4ee7d2189b85d