Ledig 50% vikariat innan Rus- og psykisk helseteneste – Vågå kommune
Vågå Kommune Helsesenter Psykisk Helstjeneste
Vågå
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.
Rus- og psykisk helseteneste i Vågå kommune søkjer vikar som Helsefagarbeidar/omsorgsfagarbeidar i 50% frå d.d. tom 31.08.24 - oppstart snarast.
Om bedriften
I Rus og psykisk helseteneste arbeider vi for menneske med psykiske lidingar og livsutfordringar. Vi arbeider med målretta miljøarbeid for at brukarene våre skal oppleve meistring i daglege gjeremål og aktivitetar. Vi har eit høgt fagleg fokus, og vi arbeide for å gjera kvarandre gode.
Du vil arbeide i team med fokus på kvalitet, tilrettelegging, planlegging og gjennomføring av målretta miljøterapeutisk arbeid i tråd med gjeldande lovverk. Oppgåvene dine vil vera tett knytt opp mot teamet for å bidra til at brukarane opplev ein heilskapleg og føresjåeleg kvardag med trygge rammer.
Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag med fokus på kvalitet i arbeidet, godt arbeidsmiljø med ulike kollegaer i ulike aldrar, og eit godt tverrfagleg samarbeid.
Arbeidet foregår mest på dag, men det kan også bli behov på ettermiddag/kveld. I all hovudsak vil arbeidet dreie seg om å delta i gruppeaktivitet i regi av tenesta og i vår ambulante teneste som jobbar med brukaren der han bur
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2575481
- Sist endret
12. mars 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
9f6c44df-3173-4911-a963-2454d5f6eea8