Rettleiar/Veileder
Velkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår. Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg. Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad. Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen. Velkommen til Suldal kommune; eksotisk, aktiv og trygg!
Ved NAV Suldal er me 7 engasjerte tilsette, og me har ledig ei fast stilling som rettleiar ved vårt kontor. Brenn du for at alle skal få moglegheit til å bidra i arbeidslivet? Trives du med å finna gode løysingar i samhandling med menneske som er i ein krevjande situasjon? Då kan du væra den kollegaen me treng.
I Suldal kommune nyttar me nynorsk som målform.
Arbeidsoppgåver
- Halde dialogmøte med den sjukmelde, lege og arbeidsgjevar.
- Kartleggje den enkelte sine ressursar og moglegheit med mål om arbeid, ungdom er ei prioritert gruppa.
- Informere om, og engasjere til deltaking i arbeid og aktivitet.
- Vurdere ulike tiltak som kan føre til arbeid.
- Utarbeide arbeidsevnevurderingar og aktivitetsplanar.
- Oppsøke og samarbeide med arbeidsgjevar og andre aktørar.
- Sakshandsama etter kommunalt og statleg lovverk.
- Aktivt delta i kontorets Lean arbeid.
- Rettleie i jobb- og informasjonssenter.
- Administrative oppgåver ved behov.
Ettersom NAV er i stadig utvikling og endring, kan andre arbeidsoppgåver bli aktuelle.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- Fullført utdanning tilsvarande bachelor. Relevant arbeidserfaring og/eller fagbrev kan kompensera for utdanningskrav. Utdanning innen helse/ sosial/, velferdsfag, samfunnsfag og pedagogikk vil bli foretrekt.
- God digital kompetanse, inkludert Office 365.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar (nivå tilsvarende B2).
- Erfaring med direkte rettleiing av mennesker i vanskelege livssituasjonar.
Me ønskjer og at du har:
- Erfaring med sakshandsaming og lovbruk.
- Erfaring frå liknande oppgåver i NAV kontor.
- Erfaring frå, eller interesse for oppsøkande verksemd mot næringslivet.
- Førarkort kl B.
Personlige egenskaper
For denne stillinga er desse personlege eigenskapa særleg viktige:
- Evne til å motivera og skapa gode relasjonar, internt og eksternt
- Evne til å sjå moglegheiter og ha gode samarbeidsevner.
- Du er trygg og robust, og taklar ein samansett og krevjande arbeidskvardag.
- Evne til å jobba målretta, nøyaktig og effektivt
- Evne til å visa fagleg engasjement og dela kunnskap.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Det vil bli gjennomført DNV-GL-sertifisert MAP personlighetstest i rekrutteringsprosessen.
Me tilbyr
- Spanande og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
- Store utviklingsmoglegheiter.
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Fleksibel arbeidstid.
- Løn som Rådgjevar i kode 1434 med årsløn i lønnstrinn 56-62, som for tida svara til kr. 548 600 - 604 900 i året.
- God pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse.
Les meir om NAV som arbeidsgjevar på nav.no
Kontaktinformasjon
Anne Birkeland, Leiar NAV Sauda/ Suldal, 922 51 603, anne.birkeland@nav.noArbeidssted
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAVReferansenr.: 4793494575
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.05.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
NAV søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.
NAV består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.
Mangfold er viktig i NAV. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.
Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrifter via vitnemålsportalen.no.
NAVstilling