Rådgivar innan dataanalyse/statistikk ved Regionalt fagsenter for medisinske kvalitetsregistre i Helse Vest
Regionalt fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest søkjer etter medarbeidar i 100 % stilling innan datanalyse/statistikk.
Fagsenteret skal gje service og rettleiing, følgje opp dei nasjonale medisinske kvalitetsregistera forankra i regionen og gje service til dei lokale og regionale kvalitetsregistera. Føremålet med kvalitetsregister er å dokumentere behandlingsaktivitet og behandlingsresultat. Resultata frå registera skal vere til nytte for helsetenesta. Registerdata skal brukast til å evaluere kvalitet og helsegevinst av sjukehusbehandlinga og er grunnlag for kvalitetsforbetringsarbeid, styring og forsking.
Fagsenteret er organisatorisk lagt til Forskings- og utviklingsavdelinga, Seksjon for forsking og innovasjon i Helse Bergen. Det har p.t. 8 årsverk og er tverrfagleg samansett. Senteret inngår som ein del av det nasjonale servicemiljøet ved Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) i Helse Nord RHF.
Medarbeidaren skal jobbe i eit team som støttar fagmiljø med å byggje opp og utvikle medisinske kvalitetsregister på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Teamet medarbeidaren skal inngå i består av personar med statistisk, IKT-fagleg, juridisk og helsefagleg kompetanse. Fagsenteret har 2,2 stillingar innan dataanalyse/statistikk.
Arbeidsoppgåver
- Programmere verktøy for statistisk analyse og rapportering av registerdata
- Automatisere årsrapportar og andre rapportar
- Utføre datakvalitetsanalysar og på andre måtar bidra til god datakvalitet
- Hjelpe registerleiarar å tolka og forstå resultat frå kvalitetsregister
- Gje råd om visuell presentasjon og pedagogisk framstilling av data
- Gje råd om variabelutforming og registerstruktur for nye kvalitetsregister
- Hjelpe register til bruk av data til klinisk kvalitetsforbetring
- Undervise, for eksempel på seminar og samlingar
- Delta i nasjonale fagmiljø, prosjekt m.m.
- Administrative oppgåver, referat, sakshandsaming, utgreiingar og oppfølging
Kvalifikasjonar
- Formell utdanning på mastergradsnivå eller høgare
- God kjennskap til statistikkverktøyet R. Kompetanse i andre programmeringssspråk og evne og vilje til å setje seg inn i nye verktøy og metodar kan kompensere for manglande R-kunnskap
- Kjennskap til andre statistikkverktøy (SPSS og Stata), databasar, andre teknologiar (spesielt SQL, HTML, CSS, JavaScript, Shiny og LaTeX) og verktøy (Power BI, Subversion og Git) vil vere ein fordel
- Dokumentert kompetanse i kvantitativ metode/statistikk
- Erfaring med å handtere og analysere data
- Evne til å arbeide analytisk, effektivt og systematisk
- Evne til å kommunisere godt på norsk, spesielt skriftleg
- Erfaring med undervising, møteleiing og teamarbeid blir positivt vektlagt
Utdanningsretning
- Matematikk
- IKT-fag
- Medisin
- Samfunnsfag
- Helsefag
- Modellering og dataanalyse
Utdanningsnivå
- Høyskole / Universitet, Hovedfag / Mastergrad
- Høyskole / Universitet, Doktorgrad
Personlege Eigenskapar
- Engasjert
- Fleksibel
- Resultatorientert
- Sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner
- Serviceinnstilt
- Flink til å prioritere arbeidsoppgåver
Språk
- Engelsk
- Norsk
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i ein organisasjon og innan eit kunnskapsfelt i sterk utvikling
- Kompetente og engasjerte teammedarbeidarar og kollegaer i eit tverrfaglig fagmiljø
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Lønn etter avtale
Andre opplysningar
- Noe reisevirksomhet må påregnes
Kontaktinformasjon
Kari Guldbrandsøy, Fagleiar, 55975559, kari.anne.guldbrandsøy@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Bergen
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Bergen
Ref. nr.:4042158768
Stillingsbrøk: 100%
Fast heltid
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 31.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4042158768&company_id=5300502&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.