Kommunefysioterapeut
Aurland kommune
Onstadvegen 25, 5745 Aurland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kommunefysioterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. februar
Om stillinga
Me har ledig 100% fast stilling som fysioterapeut frå snarast. Ynskjer du ein variert arbeidskvardag, med fagleg spanande utfordringar, er du velkomen til å søkje!
Aurland kommune har to faste fysioterapeuter, i tillegg til turnusfysioterapeut, og desse utgjer tilsaman fysioterapi tilbodet i kommunen. I den ledige stillinga vil hovudoppgåvene vere å ha ansvar for behandling og oppfølging av pasientar med ulike problemstillingar og funksjonsnivå. Fysioterapeutane tilbyr behandling i eigne lokale, i pasienten sin heim, eller i institusjon. I fysioterapiavdelinga er det behandlingsrom, treningsrom med apparat og treningsutstyr, og felles kontorlandskap. Kommunen har i tillegg eit treningsrom i Aurlandshallen, samt treningsbasseng og terapibasseng tilgjengeleg som kan nyttast i behandling. Du vil ha eit sjølvstendig ansvar for din eigen pasientliste og planlegging av arbeidskvardagen. I tillegg vil du jobbe tett med fagleiar om dei ulike oppgåvene i avdelinga, og vil også få delansvar for rettleiing av turnusfysioterapeut.
Fysioterapitenester er organisert i stabsavdelinga i helse og omsorg, i lag med legekontor, ergoterapeut, kommunal tekniker, kreftkoordinator, rus- og psykiatriteneste og folkehelsekoordinator med aktivitetsansvar, forvaltning og tildeling, koordinerande eining og fagutviklingssjukepleiar, der fleire er samlokaliserte i Fjordsenteret. Fysioterapeutane har elles eit tett tverrfagleg samarbeid med dei andre avdelingane i helse og omsorg, og oppvekst avdelinga, om pasientar og brukarar av fysioterapitenesta.
Aurland kommune har mål om at innbyggjarane skal ha moglegheit til å leve aktive og sjølvstendige liv og ta medansvar for eiga helse. Som fysioterapeut hjå oss vil du vere med å bidra til å nå dette målet, ved å ha fokus på pasienten si eigenmeistring og eigne ressursar. I ei tid der kommunen vil få fleire eldre, og fleire med samansette behov, er målet vårt å utvikle gode og berekraftige tenester som er rusta for framtida. Kommunen satser difor på velferdsteknologi, kvardagsrehabilitering og førebygging, som fysioterapeutane er ein viktig del av.
Arbeids- og ansvarsområde
- utøve allmenn fysioterapi, i samsvar med kommunen sine gjeldande prioriteringar
- koordinering og tverrfagleg samarbeid
- rettleiing av pasient, samarbeidspartnarar og pårørande
- dokumentasjon og elektronisk sakshandsaming
- rettleiing av fysioterapeut i turnusåret
Me tilbyr
- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter tariff
- tilbod om minimum 6 års tilleggsansiennitet
- fleksitidsordning
- gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- gratis inngang til symjehallen
- tenestebil (kan vere aktuelt å nytte eigen bil)
- å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære
- informasjon om ledige stillingar til partnar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub)
Treng du barnehageplass, er frist for å søke plass for komande barnehageår 15.03.25.
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbIKvalifikasjonar
- bachelor i fysioterapi med norsk autorisasjon
- det er ynskjeleg med vidareutdanning, eller interesse for å ta vidareutdanning innan fagfelt som:
- geriatri
- rehabilitering
- barn og unge
- psykomotorisk fysioterapi
- lymfødem- og lipødembehandling
- gode norsk kunnskaper munnleg og skriftleg
- personlege eigenskapar vert vektlagt
Personlege eigenskapar
- er serviceinnstilt
- er fagleg dyktig
- arbeider sjølvstendig
- har god arbeidskapasitet
- samarbeider godt med andre, breitt og i team
- har behova til brukaren i fokus
- er ansvarsbevist, strukturert og lojal
Våre verdiar er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. Du må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg.
Me ynskjer deg velkomen som søkar!
Løns- og tilsetjingsvilkår
ilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Etter helse og omsorgstenestelova § 5-4 må du levere godkjent politiattest før tilsetjing.
Kontaktpersoner for stillingen
Christine Warholm Naasen
Stabsleiar helse og omsorg
+4795984651
Om bedriften
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.
Sektor
Offentlig
Nettsted