Vartdal Plast styrkar teamet - søkjer ny, dyktig salgsmedarbeidar
Som ledd i arbeidet med å utvikle vår salsorganisasjon innanfor forretningsområdet bygg, ynskjer vi å knyte til oss ein framoverlent salsmedarbeidar. Stillinga inngår i eit team som i dag består av 7 personar.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
o Oppfølging av eksisterande kunderelasjonar
o Ordreregistrering
o Utarbeiding og oppfølging av tilbod
o Planlegge og gjennomføre salsfremjande og lokale ?marknadsaktivitetar i fellesskap med avdelinga
o Utvikle nye potensielle kunderelasjonar
o Kundeoppfølging og teknisk service
o Koordinere ordre / levering
Noko reiseverksemd må påreknast
Erfaring/ Kvalifikasjoner:
Sal handlar om å ha rett personlegheit, stå-på-vilje og ei interesse for jobben og andre menneske.
Du må:
o Kunne arbeide sjølvstendig og ha høg arbeidskapasitet
o Vere tillitsvekkande og truverdig
o Vere målbevisst og resultatorientert
o Vise gode evner til samarbeid og vere ein lagspelar
o Gjerne ha byggeteknisk erfaring
o Du må ha god norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne og vere fortruleg med bruk av dataverkty (Office, CRM, ERP)
Vi tilbyr konkurransedyktig løn, eit ekspansivt og godt arbeidsmiljø og gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Om bedriften
VARTDAL PLASTINDUSTRI AS er blant dei fremste bedriftene i landet når det gjeld utvikling og produksjon av emballasje til fiskeindustrien, isolasjon/forskalingssystem til byggindustrien og teknisk emballasje til møbel- og kvitevareindustrien, framstilt av ekspandert polystyren (EPS). Vi har fleire heileigde og deleigde fabrikkar langs norskekysten. Etter kvart er også transport blitt eit viktig satsingsområde. Vi er ei bedrift i stadig vekst og omset i dag for ca. 800 mill. i året og har om lag 200 tilsette.