Førstekonsulent/rådgjevar – studieadministrasjon
OsloMet - storbyuniversitetet
0130 Oslo
Om jobben
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
OsloMet - storbyuniversitetet er Norges tredje største universitet med nesten 22 000 studenter og over 2500 ansatte. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forskning og utdanning med høy relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.
Er du god på planlegging og struktur og har eit engasjement for studentar?
Fakultet for helsevitskap, Seksjon for studieadministrasjon og internasjonalisering, søkjer ein ny medarbeidar til fast stilling som førstekonsulent/rådgjevar i 100% stilling. Vi ønskjer at du byrjar i stillinga snarast mogleg.
Seksjon for studieadministrasjon og internasjonalisering har ansvaret for administrering og utvikling av fakultetet sine fag- og studietilbod i samarbeid med institutta. Seksjonen varetar utvikling og vedlikehald av studieadministrative regelverk og rutinar, rapportering, studentforvaltning, eksamensarbeid og internasjonalisering. Seksjonen består av tre studieadministrative kontor og denne stillinga er for tida knytt til studieadministrativt kontor i Pilestredet 32, som består av 19 tilsette.
Du vil vere ein del av eit team på åtte personar som har ansvar for eksamen, studentforvaltning og praksis for studentar på bachelor i sjukepleie. Vi søkjer deg som er god i møte med studentar, som er ei solid støtte for dei vitskaplege tilsette og som er god på planlegging og tilrettelegging for å sikre effektive prosessar og kvalitet på utdanninga
Arbeidsoppgåvene dine vil i hovudsak vere
- følgje opp og koordinere avtalar med instituttet sine samarbeidspartnarar i praksisfeltet
- syte for informasjon til studentar om praksisgjennomføring, medisinsk testing et.
- planleggje, koordinere og følgje opp studentar si gjennomføring av praksissaksbehandling, eksempelvis vedtak om ikkje bestått praksis, oppfølging av politiattestar, behandle søknader om permisjon, tilrettelegging og andre studieadministrative oppgåver
- delta i arbeidet med å vidareutvikle og kvalitetssikre retningslinjer og rutinar ved universitetet
Oppgåvene vil variere over tid, og du må vere innstilt på at du kan få andre oppgåver innanfor ansvarsområdet til seksjonen.
Vi søkjer deg som har
- universitets-/høgskoleutdanning, minimum på bachelornivå
- god digital kompetanse og erfaring med ulike digitale system
- relevant saksbehandlingserfaring, fortrinnsvis frå offentleg sektor
- gode skriftlege og munnlege formidlingsevner i norsk og engelsk
Vi ønskjer deg som
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- har god vurderingsevne, samt evne til å stå på og behalde roa i hektiske periodar
- er sjølvstendig og har evne til å fange opp og løyse problemstillingar fortløpande
- er nøyaktig, strukturert, effektiv og serviceinnstilt
Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
Det er viktig for OsloMet å gjenspegle befolkninga i regionen vår, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkomne. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å tilretteleggje arbeidsplassen om du har behov for det. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring, er du også velkomen til å søkje hos oss.
Vi kan tilby deg
- ein spanande jobb på Noregs tredje største og mest urbane universitet
- varierte arbeidsoppgåver med moglegheiter for fagleg utvikling
- eit godt arbeidsmiljø som er prega av samarbeid og engasjement
- ein arbeidsplass i utvikling
- gode låne- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
Stillinga blir løna i samsvar med hovudtariffavtalane i staten og lønspolitikken til OsloMet i stillingskode 1408 førstekonsulent med lønstrinn 45–54, det vil seie kroner 466.600 – 532.200 per år eller 1434 rådgjevar med lønstrinn 55-66, det vil seie kroner 540.500 – 646.000 per år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.
For tilsetjing i stilling som førstekonsulent er det krav om universitets- eller høgskoleutdanning, fortrinnsvis bachelorgrad. Lang relevant praksis kan kompensere for kravet om formell utdanning.
For tilsetjing i stilling som rådgjevar er det krav om universitets- eller høgskoleutdanning, minst bachelorgrad, samt relevant praksis og dokumentert evne til sjølvstendig og resultatorientert arbeid. Svært god og relevant praksis kan kompensere for kravet om formell utdanning.
Søknadsprosess
Vi behandlar berre søknader sende inn via det elektroniske rekrutteringssystemet vårt og alle dokument må lastast opp for at vi skal behandle søknaden din. Innan søknadsfristen må du saman med søknaden laste opp følgjande dokument:
- søknadsbrev
- CV, attestar og alle sider av vitnemål
- gjerne 2 referansar med kontaktinformasjon
Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk, og omsetjingar må vere autoriserte. Vi vil be om at du viser fram originalar ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument, slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og ein rettferdig konkurranse.
Andre opplysningar
Ønskjer du nærmare informasjon om stillinga kan du kontakte:
- Kontorsjef Anne Øverland, 67 23 62 16 e-post: anneover@oslomet.no
- For spørsmål av administrativ karakter, kontakt rådgjevar Ann-Kathrin Grønstad, ankag@oslomet.no
OsloMet er Charter & Code sertifisert av EU-kommisjonen med rettigheter til å bruke logoen HR Excellence in Research (HRS4R) og medlem i nettverket EURAXESS som bidrar til gode arbeidsforhold for mobile forskere.
OsloMet har sluttet seg til prinsippene og forpliktet institusjonen til å følge anbefalingene i DORA-erklæringen (sfdora.org) (The San Francisco Declaration on Research Assessment).
Ansettelsen blir gjennomført etter prinsippene i statsansatteloven og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tjenester. Søkere som er i konflikt med dette regelverket vil ikke anses kvalifisert for stillingen.
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2512661
- Sist endret
11. januar 2024
- Hentet fra
varbi
- Referanse
686855