Vikariat for sjukepleiar 100% stilling
Org. nr: 983974724 Stillingsident: 4116844112 Presentasjon av stillingen:
Det er ledig 100 % vikariat for sjukepleiar fordelt med 60 % stilling på Kirurgisk 5-døgnspost og 40 % stilling
på Medisinsk sengepost. Vikariatet gjeld for tidsrommet 01.09.2019 - 20.09.2020 med moglegheit for forlenging av vikariatet. Det er per i dag 3-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Voss sjukehus er eit lokalsjukehus for om lag 30 000 innbyggjarar i indre Hordaland. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar i indre Sogn. Det er i underkant av 400 tilsette på sjukehuset.
Sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, radiologi med CT- og MR lab., fysikalsk avdeling og laboratorium med blodbank. Voss sjukehus har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi.
Litt om Voss:
Voss er ei kulturbygd med 14 000 innbyggjarar omkransa av naturskjønne omgjevnader. Her er det mogelegheit for mange ulike aktivitetar året rundt. Ein kan nemna turar i fjellet, rafting, paragliding, rideturar, Vossajazz, Osafestivalen og Ekstremsportveko, samt fleire store skianlegg på vinterstid.
Kvalifikasjonar
Ønskeleg med erfaring innan postoperativ overvaking
Ønskeleg med min. 2 års erfaring
Fordel med erfaring innan ortopedi
Søkar må ha norsk autorisasjon
Den som blir tilsett må meistre norsk, svensk eller dansk for munnleg og skriftleg kommunikasjon
Personlege eigenskapar
Samarbeidsvillig
Positiv innstilt
Vere ein god teamarbeidar
Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Konkurransedyktig pensjonsordning.
Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
Triveleg arbeidsmiljø
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Ruth Veen Tveito, Avd.spl., 56 53 36 86
Kristi Haugsgjerd, Avd.spl., 56 53 37 11
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 16
5700 Voss
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4116844112
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 01.08.2019
Sluttdato: 20.09.2020
Søknadsfrist: 21.08.2019
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.