Ledig stilling som ergoterapeut
Nissedal kommune
Treungvegen 398, 3855 Treungen
Om jobben
Stillingstittel
Ergoterapeut
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du vere ergoterapeut i Nissedal kommune? Me har ein særs spennande stilling som ergoterapeut i 100 % - Id 2023/1496
Som ergoterapeut i Nissedal kommune vil du vere ein sentral person innanfor områda demensomsorg, kvardagsmestring og ergoterapi. Me har stort fokus på framtidsretta og heilskapelege tenestar til våre innbyggarar.
Me håper akkurat DU søkjer hjå oss
Arbeidsoppgåver:
Arbeide tverrfagleg med tenestekontor, fysioterapeut, demenskoordinator og andre samarbeidspartnarar, når det gjeld kartleggingar, funksjonsvurdering og tilrettelegging av aktivitetar for heimebuande både med eit demensfokus og mestringstankegang/ kvardagsmeistring
Vere med på å starte opp dagsentertilbod til heimebuande personar med demens. Rundt 40 % av stillinga vil vere å drifte dagsenter tilbodet
Ordinære ergoterapi oppgåver knytta til hjelpemidlar.
Kvalifikasjonar:
- Autorisert ergoterapeut
- Engasjert
- God muntleg og skriftleg kommunikasjonsevne
- Fleksibel og løysingsorientert
- Sjølvstendig samtidig som du har gode samarbeidsevner
- Respekt, forståing og empati for brukarar, samarbeidspartnarar og kollegaer
- Høg arbeidsmoral
- Nytenkande og medansvarleg til å utvikle og bevare gode tenester og arbeidsmiljø
- Ynskjeleg med erfaring innan demensomsorg, men ikkje eit krav
Me tilbyr:
- Ein særs spennande stilling, kor du er med på å utvikle og påverke framtidas tenestetilbod i Nissedal kommune
- Eit godt arbeidsmiljø
- Stadleg og synleg leiing som saman med tilsette finnar gode løysingar saman
- Mogeligheiter for kompetansehevande tiltak, gjennom relevant vidareutdanning og intern kompetanseheving
- Lønn etter avtale
For stillinga gjeld: Tilsettingsvilkår i fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement. Personleg egna vert lagt til grunn ved alle tilsettingar. Vanlege løns- og pensjonsvilkår. Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest.
Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.
Om bedriften
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og er ein kommune i vekst. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2511844
- Sist endret
2. februar 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
9df158b3-3333-421a-afb6-a3cdc4a45c3d