Avdelingsleiar Oppfølging og Ungdom
Nav Stord (regionkontor Sunnhordaland)
Bandadalsplassen 5, 5417 Stord
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar Oppfølging og Ungdom
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. februar
Ved Nav Stord er det ledig stilling som avdelingsleiar for Oppfølgings- og Ungdomsavdelinga.
Nav Stord er regionkontor i Nav region Sunnhordland og samhandlar tett med dei øvrige Nav kontora i Sunnhordland. Nav Stord har rett i overkant av 60 tilsette fordelt på stat og kommune. I avdelinga er det 15 dedikerte medarbeidarar som driv arbeidsretta oppfølging av dei som har behov for tenestene til Nav. Til stillinga ligg det fag-, personal- og resultatansvar for dei ulike fagområda som avdelinga har.
I Nav jobbar me for at menneske skal få høve til arbeid eller anna aktivitet. Me ser difor etter deg som er kreativ og jaktar gode resultat og løysingar til beste for mottakarane av tenestene våre. Nav er ein lærande organisasjon i stadig utvikling, og me har stort fokus på inkluderingsarbeid, marknadsarbeid og relasjons- og kommunikasjonsarbeid. Synest du dette virka spennande og noko du kan tenkje deg å jobbe med? Då er det kanskje akkurat deg me er på jakt etter! Du må vere budd på til tider stort arbeidspress.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for personal- og kompetanseutvikling i eigen avdeling
- Fag og mål- og resultatansvar, med oppfølging og rapportering
- Personalansvar for dei tilsette i avdelinga
- Leiing, drift og utvikling av tenester for innbyggarar etter prinsippa i Lean
- Sikre at avdelinga har god samhandling med andre avdelinger og eksterne samarbeidspartar
- Utvikle og effektivisere oppgaveløysingane
- Sikre at avdelingen har eit inkluderande arbeidsmiljø og høgt nærvær
- Vere ein aktiv medspelar i kontoret og regionen si leiargruppe og bidra til heilskapelege løysingar
Nav er i stadig utvikling og endring, og nye arbeidsoppgåver kan derfor bli aktuelt.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- Fullført utdanning tilsvarande minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Leiarerfaring med dokumentert gode resultat
Ønska kvalifikasjonar:
- Erfaring med utviklings- og endringsarbeid
- Evne til å jobbe både operativt og strategisk
- God digital forståelse og kompetanse
- Gode kommunikasjonsevner, både skriftlig og muntlig
- Gode språkferdigheter i norsk, skriftlig og muntlig, minimum B2 nivå
- Kjennskap til Lean-metodikk
- God forståing for NAV sitt samfunnsoppdrag
Personlege eigenskapar
Me søker etter deg som:
- evner å utvikle relasjonar og motivere og utvikle medarbeidarar gjennom tillitsbasert samarbeid
- er ein person som likar å drive med forbetringsarbeid, samt evner å drive endrings- og omstillingsarbeid.
- kan utvikle medarbeidarar og arbeidsmiljøet på ein måte som bidrar til at Nav Stord utviklast vidare og er ein attraktiv arbeidsplass.
- har gjennomføringskraft og evne til å skape resultat med god kvalitet
- har gode samarbeids- og formidlingsevner.
Me tilbyr
- Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innafor eit viktig samfunnsområde
- Aktive og engasjerte kollegaer
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid
- Tilsetting som avdelingsleiar i stillingskode 1407, med lønnsspenn frå kr. 667 700,- til kr. 732 300,-.
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (det vert trekt 2% frå løna).
Kontaktinformasjon
Håvard Lægreid, Regionleiar, 90087622, havard.legreid@nav.no
Arbeidsstad
Bandadalsplassen 5
5417 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAV
Referansenr.: 4900459198
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2838564
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1a4e13eec6d8406bbdd44b98e4dab3c9