Lærar (100 % vikariat) - Ombo oppvekstsenter
Org. nr: - Stillingsident: 4087643516 Presentasjon av stillingen:
Frå 01.08.2019 er det ei stilling som lærar i 100 % vikariat i skuleåret 2019-2020 på Ombo oppvekstsenter.
Ombo oppvekstsenter er skule og barnehage under same tak på øya Ombo i Ryfylke. Denne stillinga gjeld for skulen, der det går om lag 20 elevar frå 1.-5. klasse.
Arbeidsoppgåver
Vi er på jakt etter deg som har lyst å arbeide som lærar i grunnskulen. Me er særskild på utkikk etter kandidatar med kompetanse innan begynnaropplæringa.
Kvalifikasjonar
- Godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen.
- Kompetanse innan begynnaropplæring.
- Kompetanse innan grunnleggjande lese-, skrive- og rekneopplæring.
- Erfaring frå undervisning, klasseleiing og undervegsvurdering er ein fordel.
- Aktuelle kandidatar må beherska nynorsk munnleg og skriftleg, og kunne nytte relevant dataverktøy.
- Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentera at du har språknivå tilsvarande nivå B1. Gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk språk som morsmål. Målform i kommunen er nynorsk.
Godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månadar må liggje føre ved tilsetting, og seinast før arbeidstakar begynner i stillinga ihht gjeldande lovverk. Det vert teke atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling.
Personlege eigenskapar
- Du er innstilt på samarbeid og har evne til å jobbe målretta med undervisning og opplæring.
- Du er fleksibel og har godt humør.
- Du har gode evner til å byggje relasjonar og trivst saman med elevar og føresette.
- Du er god på gruppeleiing.
- Du er opptatt av at barnet sin tryggleik, kor utvikling og læring står i sentrum.
- Du er engasjert, kreativ og løysingsorientert.
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Eit engasjerande og inspirerande miljø.
- Løn i samsvar med KS hovudtariffavtale.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsbedrift (IA-bedrift).
Kontaktinformasjon
Ingebjørg B. Vignes, rektor Ombo oppvekstsenter, 51 71 20 80
Håvard Østhus, verksemdleiar oppvekstsentra, 51 71 46 80
Arbeidsstad
Ombo oppvekstsenter
4187 Ombo
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Finnøy kommune
Referansenummer:4087643516
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 01.08.2019
Søknadsfrist: 07.06.2019
Om bedriften
Finnøy er ein øykommune i hjartet av Rogaland, midt i Ryfylkeleia. Kommunen grenser til Hjelmeland, Tysvær, Suldal, Strand, Rennesøy og Bokn. På 16 av øyane bur det folk, til saman drygt 3200. Om sommaren doblar dette talet seg grunna hytte- og båtturistane. Grøderik jord, mildt klima, lune havnar, godt fiske og eit rikt dyre- og planteliv har gjort desse øyane til ein attraktiv plass å leve. Talgje og Finnøy er knytt til Nord-Jæren via Finnfast og Rennfast. Kommunesenteret er på Judaberg om lag 40 minuttars reise i bil eller båt frå Stavanger. I Finnøy kommune spelar vi på lag og <<Saman for folk i Finnøy>> er vår visjon. Det er om lag 340 tilsette som til saman utgjer 250 årsverk i verksemda Finnøy kommune. Finnøy kommune går saman med Stavanger og Rennesøy inn i nye Stavanger kommune frå 01.01.2020.