Driftsoperatør til miljøstasjon
Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS
Torvmyrane 29, 6160 Hovdebygda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Har du lyst til å vere med å tilby gode og miljørette tenester for innbyggarane i Volda og Ørsta?
Vi søkjer ein engasjert person som kan rettleie kundar og bidra til god drift ved miljøstasjonen i Hovdebygda. Stillinga er eit engasjement, i første omgang på eitt år, med høve for forlenging.
Stillingstittel
Driftsoperatør miljøstasjon
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager og lørdag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hva vi ser etter
Personlege eigenskapar:
- Serviceinnstilt; du vert VØR sitt ansikt utad mot kundane
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Strukturert, ryddig og påliteleg
- Gode samarbeidsevner og ikkje redd for å ta eit tak
Kvalifikasjonar:
- Førarkort klasse B
- Meistre norsk munnleg og skriftleg
- Grunnleggjande datakunnskapar
- Gjerne maskinførarbevis (M4)
- Gjerne truckførarkurs
Arbeidsoppgaver
- Rettleiing og bistand til kundane i miljøstasjonen
- Pakking, klargjering og lasting av ulike avfallsfraksjonar
- Operatør i vekta ved behov
- Rydding og handtering, både manuelt og maskinelt
- Andre ulike oppgåver, både knytt til miljøstasjonen og VØR sitt anlegg på Melsgjerdet, kan verte aktuelt.
Vi tilbyr
Vi tilbyr regulerte løns- og arbeidsforhold i ein spennande bransje med eit viktig miljøoppdrag. For stillinga gjeld ordinære tilsettingsvilkår i tråd med lover og reglar og reglement for offentlege tilsette. Vi oppmodar kvinner om å søke på stillinga.
Nødvendige kurs og opplæring vil bli gitt.
Om bedriften
Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS er heileigd av Volda og Ørsta kommunar. Selskapet har ansvaret for innsamling, mottak og vidaretransport av avfall frå alle hushaldningane. Drifta i VØR er delt på to lokasjonar, der innsamling ute hos abonnentane er knytt mot det nye anlegget vårt på Melsgjerdet i Ørsta. I Hovdebygda har vi miljøstasjonen og administrasjonen vår, saman med Retura Søre Sunnmøre AS. Selskapet omsette i 2023 for 48 mill kr og har 20 tilsette. VØR er godkjend lærebedrift og sertifisert etter ISO9001.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2624362
- Sist endret
30. april 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
9d602546-73b2-4304-982b-268f4d5b6954