Inspektør
Torvmyrane skule
Torvmyra 2, 6908 Florø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Inspektør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
100% stilling som inspektør med oppgåver hovudsakleg retta mot avdeling skule, SFO, Innføringsklasse - men og barnehage ved behov. Stillinga er ein del av skulens leiarteam, som for tida består av rektor og 2 inspektørar. Vi har og SFO-leiar og merkantilt personale i administrasjonen.
Torvmyrane skule er ein mangfaldig organisasjon som i tillegg til grunnskule 1.-7.klasse inneheld SFO, 2 innføringsklassar for fleirspråklege barn, og 5-avdelings barnehage for barn frå 1-5 år. Vi arbeider målretta for å oppretthalde ein samla organisasjon, og set trivsel, samspel og meistring i høgsetet. Vi leikar og lærer inne som ute, og har unik tilgang på Brandsøyåsen som leike- og læringsmiljø. Omlag 250 barn og 60 vaksne deler kvardag og fest her oppe, 3 km frå by'n. Vi møtes på tvers så ofte vi kan-gjerne i huset sitt hjarte, Fugleberget; for fellesopplevingar og framsyningar med små og store utøvarar. Medarbeiderprofil og Standardar for samhandling set retning for korleis vi jobbar saman i kvardagen.
Arbeidsoppgåver
Å vere inspektør på Torvmyrane er ei mangfaldig rolle. Saman med resten av leiinga jobbar ein mellom anna med desse oppgåvene:
- planlegging og gjennomføring av pedagogisk utviklingsarbeid. Rettleiing og opplæring av personalet i felles uttalte lokale,kommunale og statlege satsingar
- ansvar for oppfølging av skulen si pedagogiske plattform bygd på teori om Mange Intelligenar og Filosofi med barn.
- vere synleg kulturberar, programleiar og motor i ulike kulturelle oppsetjingar, framsyningar og fellesprosjekt på huset.
- oppfølging av personale, barn og foreldre i arbeid med intensiv opplæring,spes.ped, tilrettelegging,
- delta i samarbeid med PPT, BVT, helsestasjon, andre barnehagar og skular i kommunen
- medansvar i skulens formelle samarbeidsorgan SU/SMU/FAU
- handsaming av daglege vikarplanar
- utarbeiding av timeplanar, arbeidsplanar, vaktplanar
- oppfølging av økonomi og disponering av tildelte ressursar.
- støtte og rettleiing personalet i deira faglege og relasjonelle arbeid med barna
- arbeid med HMS, sjukefråvær, avvikshandtering Compilo
- oppfølging av skuleskyss, innkjøp, leirskule, trivselsleiarprogrammet mm
- ansvar for drift og vedlikehald av skulens administrative system IST
- dagleg drift av servicetorg kontoret: trøste, bære, plastre, vikariere, ordne, løyse, rydde, reparere, forhandle, servere, avgjere, dramatisere og avdramatisere.
- kort oppsummert: vere i fremste linje der det skjer - for barn, foreldre og personale.
Kvalifikasjonar
- undervisningskompetanse 1.-7.kl, grunnskulelærarutdanning, allmennlærarutdanning
- leiarutdanning
- erfaring med leiing av pedgogisk utviklingsarbeid
- erfaring frå skuleleiing
- erfaring med vikarhandsaming
- god kompetanse på administrative oppgåver i IST, VIsma, Websak+
- erfaring med systematisk arbeid med HMS, m.a kvalitetssystmet Compilo
- erfaring frå arbeid med barn i musikk, kultur og scene
Personlege eigenskapar
- du må kunne arbeide effektivt, sjølvstendig og systematisk i ein travel kvardag
- du må ha gode kommunikasjonsferdigheiter ovanfor både elevar og tilsette
- du må ha eit elevsyn der du ser etter det beste i kvar einaste elev
- du må vere fleksibel i ditt arbeide, slik at m.a. uforutsette hendingar kan handsamast på ein ryddig måte
- du må vere intressert i å videreutvkle deg og lære saman med profesjonsfellesskapen
- du bør ha jamt godt humør og trivast med å stå framfor eit publikum
Vi tilbyr
- eit arbeidsmiljø i særklasse.
- ei dynamisk og utfordrande stilling
- mogelegheit for hyppig medverknad til utvikling
- lønn etter gjeldande regelverk
Kontaktinformasjon
Sissel Karin Bergkvam Østrem, Rektor Torvmyrane skule, +47 48037689Arbeidsstad
Torvmyra 26908 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 4901742134
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.01.2025
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.386 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2830422
- Hentet fra
talentech
- Referanse
49b5e6d50c644d149b73868f70393f2b