Avdelingsleiar - Psykisk helse og rus, heildøgnbemanna butilbod
Org.nr.:920290922 Stillingsident: Heildøgnbemanna Presentasjon av stillingen :
Kort om stillinga
Vi har ledig stilling som avdelingsleiar i tenestområdet psykisk helse- og rus. Avdelingsleiarstillinga er knytt til heildøgnsbemanna butilbod. Arbeidsplassen er på Manger v/ Radøy interkommunale busenter og i Knarvik v/ Røsvikdalen omsorgsbustad pluss.
Som avdelingsleiar har du heilskapleg ansvar for fag, personal og økonomi. Avdelingsleiar deltar i leiargruppa for Psykisk helse- og rus saman med 3 andre avdelingleiarar/ fagansvarleg og tenesteleiar, og vil vere med på å utforme, kvalitetssikre og vidareutvikle desse tenestene i Alver kommune.
Om avdeling heildøgnbemanna butilbod
Avdelinga har som mål å skape gode og trygge butilhøve, stabilitet og tilpassa tenester for den enkelte. Målet er å hjelpe enkeltmenneska til å leve eit mest mogleg sjølvstendig og godt liv i eigen leilegheit, med tilpassa oppfølging i tilknyting til fellesmiljø med tilgong på døgnbemanning.
Brukarmedverknad, meistring og recoverybaserte metoder er viktige rettesnorer i det miljøterapeutiske arbeidet.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg leiing, drift og kvalitetssikring av tenestene
- Sikre tenester av høg fagleg og etisk kvalitet i tråd med lover og reglar, basert på kunnskapsbasert praksis
- Arbeide med kontinuerleg forbetring og utvikling
- Trunusarbeid
- Oppfølging, ivaretaking og rettleiing av tenesteytarane
- Samarbeide med andre leiarar om utvikling av tenesteområdet
- Leggje til rette for godt samarbeid med andre tenesteområde og sektorar, spesialisthelsetenesta, pårørande og andre samarbeidspartar
Kompetanse
- Helse og sosialfagleg høgskuleutdanning
- Leiarutdanning og/eller erfaring
- Erfaring frå arbeid med personar med psykisk helse- og rusutfordringar.
- Erfaring med IT som arbeidsverktøy
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Gode samarbeidsevner
- Personlege eigenskap vert vektlagt
Vi tilbyr
- Ein spanande jobb i ein ny organisasjon, i ein ny kommune
- Deltaking i arbeidet med å utforme og utvikle gode tenester til tenestemottakarane i Alver kommune.
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver
- Eit arbeidsmiljø som legg vekt på trivsel og engasjement
- Tenesteytarar med erfaring og høg kompetanse
- Ei leiargruppe som samarbeider, støtter og utfordrar kvarandre
- Løn etter gjeldande tariffavtale
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Vibeke Angelskår Erstad, Tlf: +47 56375608, Mobil +47 92224599, Epost: vibeke.angelskar.erstad@alver.kommue.no
Om bedriften
Psykisk helse- og rustenesta i Alver kommune gir tenester til menneske med psykiske helse- og/eller rusproblem. Tenestene vert gitt som individuell oppfølging, gruppetilbod, oppfølging i bustad, heildøgnsbemanna butilbod og ulike arbeids- og aktivitetstilbod. Inn under psykisk helse- og rus tenesta finn ein også kommunepsykolog.