Senior Vegplanleggar | Bli med og planlegg morgondagens bygg og anlegg
Nordplan As Avd Nordfjord
Eit av våre avdelingskontor, 6770 Nordfjordeid, Hybridkontor
Om jobben
Har du lyst til å jobbe i eit dynamisk og tverrfagleg teknisk miljø for eit meir berekraftig samfunn? Då kan Nordplan vere ein riktig plass for deg. Nordplan er i vekst og vi ønskjer deg i teamet for å utvikle framtidsretta løysingar saman med oss. Vi har oppdrag innanfor alle fasar av eit byggeprosjekt, alt frå moglegheitsstudier og konseptstudier i planfase til detaljprosjektering av byggeplanar.
Stillingstittel
Senior Vegplanlegger
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hva vi ser etter
Vi ser for oss at du er ein fagleg engasjert person som er løysningsorientert og initiativrik. Du kommuniserer godt med kollegaer og kundar, og du ønsker å formidle eigen kunnskap og rettleie yngre medarbeidarar. Vi ser etter deg som vil vere med å utvikle eit større vegmiljø i ei infrastrukturgruppe som no nærmar seg 10 personar. Vidare ser vi for oss at du har følgande kvalifikasjonar:
-
Minimum 5 års relevant utdanning frå universitet eller høgskule
-
Minimum 5 år erfaring
Fagleg blir du ein del av seksjonen for <<Plan, landskap og infrastruktur>> i selskapet. Denne stillinga kan vere knytt til eit av våre mange kontor.
Sjekk stillingsannonsa her:
Senior vegingeniør / Vegplanleggar - Nordplan
Arbeidsoppgaver
-
Generell oppdragsleiing
-
Prosjektering
-
BIM-modellering med Novapoint, Civil 3D og eventuelt Infraworks.
-
Produksjon av teikningar og beskrivelsar til anbodsutlysing
-
Oppfølging i alle fasar av eit vegprosjekt
-
Koordinering og samarbeid med andre fag med fokus på digital arbeidsflyt
Vi tilbyr
-
Arbeidstid som er balansert og tilpassa prosjektmål og privatsituasjon.
-
Fleksibilitet til å velje arbeidsplass. Om du vil bu i Fjell-, Fjord- eller Kyst-Noreg, er opp til deg. Vil du heller jobbe frå byen, eller ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, så finn vi løysingar for det. Vi likar sjølvsagt aller best at du er innom eit av våre kontor, slik at vi kan ha det sosialt saman også. Uansett kvar du vil jobbe frå, finn du eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø på desse stadane: Nordfjordeid, Måløy, Stryn, Førde, Ørsta/Volda, Ålesund, Molde, Bismo, Vågåmo, Otta, Lillehammer, Oslo, Bergen og Reykjavik.
-
Du får vere med å skape ei framtid du kan vere stolt av. I tillegg får du jobbe med spennande og utfordrande prosjekt som du kan lese meir om her.
-
Vi er eit selskap i vekst, så her er moglegheiter for både personleg og fagleg utvikling -- spesielt med tanke på at du får eit tverrfagleg miljø og flinke kollegaer rundt deg.
-
Du får sjølvsagt lønn, pensjons- og forsikringsordningar.
-
Du blir ein del av eit selskap som støttar nærmiljøet. Lokalt ved dei ulike kontora våre støttar vi ulike lag og aktivitetar.
Om bedriften
Vi er Nordplan. Kva er din plan?
Nordplan veks og treng fleire dyktige medarbeidarar
Nordplan er eit tverrfagleg teknisk konsulentselskap som leverer tenester og rådgiving innanfor arealplan, arkitektur, konstruksjon, bygningsteknikk, energi, miljø, berekraft og prosjektadministrasjon. Vårt mål er å samhandle med kunden i et langsiktig perspektiv, slik at kunden oppnår varig verdi i sine prosjekt. Vi har lokal forankring med våre avdelings- og satelittkontor der våre kreative og dyktige medarbeidarar har sin daglege arbeidsplass. Våre kontor finn du i Ålesund, Ørsta, Nordfjordeid, Måløy, Leikanger i Stad, Stryn, Førde, Bergen, Vågåmo, Bismo, Lillehammer og Vestby.
Vi er opptatt av individuell fleksibilitet for våre medarbeidarar innanfor rammene av kunde- og prosjektmål . Du kan lese meir om oss på https://www.nordplan.no/om-nordplan/.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2821323
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
9ca5893d-831e-4799-b862-fc91d1987761