Prosjektstilling og vikariat i ambulant rusbehandling for unge
Org. nr: - Stillingsident: 4243821484 Presentasjon av stillingen:
Spanande prosjektstilling og vikariat for sjukepleiar/vernepleiar/sosionom/barnvernspedagog som ønskjer å jobbe med tidleg intervensjon for ungdom og vaksne med begynnande rusproblem gjennom ambulerande behandling.
Avdeling for rusmedisin (AFR), Haukeland universitetssjukehus, har ansvar for behandling og oppfølging av menneske med skadeleg bruk av rusmiddel og avhengigheit. AFR har fleire døgnseksjonar, forskingsseksjon, LAR, poliklinikkar, samt Seksjon Ambulant som dei utlyste stillingane er tilknytt. AFR er i ein spanande utvikling knytt til både forsking og utvikling av differensierte tenester. Avdelinga har faste fag- og forskingsdagar, og legg til rette for individuell vidareutdanning, samt felles kompetanse-heving.
Seksjon Ambulant jobbar for å sikre tidlegare oppstart av gode behandlingsløp, samt hjelpe menneske med rusmiddelavhengigheit som ikkje nyttiggjer seg ordinær poliklinisk behandling. Seksjon Ambulant står sentralt i AFR si satsing på fleksible og ambulante tenester. Per tid er det tilsett ein seksjonsleiar/psykologspesialist, ein overlege, ein psykolog, tre sjukepleiarar, to vernepleiarar, ein sosionom og ein erfaringskonsulent.
Vi søkjer no etter to nye kollegaer til ein slik ambulant behandlarstilling.
Dei ambulerande behandlarane i Seksjon Ambulant møter ruspasientar der dei har behov for det; gjerne i heimen eller på tur. Vi driv oppfølging av pasientar med eit vidt spekter av rusproblem; unge til eldre. Seksjonen står midt i ein fagleg utvikling og skal begynne eit prosjekt retta mot unge opp til 25 år med begynnande rusproblem. Både prosjektstillinga og vikariatet er knytt til dette, og medarbeidarane i prosjektet skal jobbe ut i frå prinsippa; rask respons og fleksibel møtestad. I tillegg skal medarbeidarane ha oppfølging med pasientar over tid, og bidra til å gjennomføre rustilsyn på Haukeland sjukehus. Vi jobbar tverrfagleg og drar som regel to i lag på ambulante oppdrag.
Både prosjektstillinga og vikariatet gjeld i første omgang i inntil eitt år. Tiltreding i stillinga er 1. september. Det er ønskjeleg med søkjarar med erfaring frå ambulant/oppsøkjande arbeid, og arbeid med tenåringar, unge vaksne og rus.
Arbeidsoppgåver
- Mottak av tilvisingar på telefon, samt rask respons og fleksibel møtestad for nye pasientar.
- Ansvar for oppfølging og behandling til eit gitt tal pasientar.
- Mottak og gjennomføring av rustilsyn på Haukeland sjukehus.
- Halde undervising om rusproblematikk og prosjektet både internt i Helse Bergen og eksternt.
- Samarbeid i tverrfagleg team, der ein tar del i utarbeiding og gjennomføring av plan for behandling til pasientane.
- Deltaking i pasientens ansvarsgruppe og øvrig samarbeid med aktuelle andre aktørar.
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar/vernepleiar/sosionom/barnevernspedagog med norsk autorisasjon.
- Personlig eigna til å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad.
- Førarkort for personbil.
- Erfaring frå TSB/rusbehandling, arbeid med tenåringar og/eller unge vaksne, psykiatri, kommunale sosiale tenester, eller relevant vidareutdanning vil telje positivt.
Personlege eigenskapar
- Du er interessert i fagfeltet og pasientgruppa.
- Du trivast med å arbeide i et spesialisert tverrfagleg miljø.
- Du er open og flesibel, og meistrar høgt tempo og toler å stå krevjande situasjonar.
- Du har fagleg god vurderingsevne.
- Du arbeider målretta, samvittighetsfullt og strukturert både sjølvstendig og i team.
- Du likar å arbeide med pasientar over tid.
- Du bidrar til eit fagleg og kollegialt godt miljø.
Vi tilbyr
- Løn i henhald til overeinskomst.
- Gode pensjonsvilkår.
- Eit sosialt og godt arbeidsmiljø.
- Lærerike og utviklande arbeidsoppgåver.
- Regelmessig teambasert rettleiing og undervising.
Kontaktinformasjon
Benedicte Ekman Rønneberg, Seksjonsleiar, benedicte.ekman@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Kanalveien 5
5068 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4243821484
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.09.2020
Sluttdato: 01.09.2021
Søknadsfrist: 11.06.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.