Lege i spesialisering - Avdeling for anestesiologi - Molde sjukehus
Klinikk for akuttbehandling, Avdeling for anestesiologi, Anestesilegar Molde
Avdeling for anestesiologi er legeeininga for anestesilegar.
Anestesi - og intensivavdelinga ved Molde sjukehus nyttar eit variert utvalg av moderne anestesimetodar og har ein godt oppdatert utstyrspark.
Det vert gjennomført ca 4500 anestesiar i året fordelt på blautdelskirurgi, ortopedi, gynekologi/obstetrikk, ØNH, tann/kjeve og auge. I tillegg ytast også anestesitjenester til radiologisk avdeling (innkludert MR), medisinsk avd. og psykiatrisk avdeling.
Vi har ei kombinert postoperativ og generell intensivavdeling med totalt 19 senger fordelt på recovery, tung overvåkning og intensiv.
Vi yt eit fullverdig intensivmedisinsk tilbod på gruppe 2 sjukehusnivå, inkludert kontinuerleg nyreerstattande behandling.
Eininga har eit todelt vaktsystem der legar i spesialisering går 6-delt tilstadevakt med overlegar i bakvaktsordning.
Eininga er godkjent for 3 år tellande tjeneste i spesialiteten Anestesiologi
Vi har ledig vikariat 100 % stilling for lege i spesialisering i 6.mnd.med oppstart frå snarast.
Kvalifikasjonar
- Søkjar må legge ved søknadsblankett for legestillingar.
- Må beherska norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig
- Ansvarsbevisst
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Lønn i henhold til gjeldende overenskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder.
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra.
- Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest.
- Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25).
- Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
- Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din C
Kontaktinformasjon
Georg Nikolai Johnsen, Seksjonsleiar (lege), (+47) 71 12 00 00 / 41 35 28 28, Georg.nikolai.johnsen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Molde sjukehus
6412 Molde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenummer:4046088942
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 27.03.2019
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere 'På lag med deg for helsa di'. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt ni behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.