Pedagogisk psykologisk rådgjevar 100% vikariat
Kvinnherad kommune Barn og familie
Sentrumsvegen 29, 5460 Husnes
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Eining Barn og familie - er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i fem avdelingar: Barnevern, helsestasjon, PPT, avdeling for Familiestøtte og Villatoppen Avlastningsbustad. Eininga held til i lokalar på Husnes tenestesenter på Husnes.
Om stillinga:Eining barn og familie har ledig 100% vikariat som Pedagogisk psykologisk rådgjevar ved PP-tenesta frå 08.11.24 og ut året 2025. Vi søkjer deg som likar å jobbe saman med barnehagar og skular i utvikling av eit inkluderande oppvekstmiljø for alle barn og unge.
PP-tenesta legg vekt på å støtte barnehagane og skulane i arbeidet med ein inkluderande praksis. Vi har faste dagar ute i barnehagane og skulane, der fokus er rettleiing og støtte i arbeidet med førebygging, fange opp og følge opp.
Du som har tru på at proaktiv, inkluderande og positivt arbeid er vegen å gå for å leggje godt til rette for trivsel og utvikling for alle, bør søkje.
Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:
- Varierte arbeidsoppgåver i samsvar med barnehage- og opplæringslova
- Samarbeide med barnehage og skule i arbeidet med ein inkluderande praksis
- Støtte og rettleie barnehage og skule i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling
- Rådgjeving og rettleiing innan ulike spesialpedagogiske fagområde
- Deltaking i ressursteam
- Sakkunnig arbeid
- Tverrfagleg samarbeid med andre hjelpetenester
- Det er ein fordel med erfaring med arbeid i grunnskule
- Det er ein fordel med utgreiingskompetanse innan ulike lærevanskar
- Evne og vilje til å arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig, samt ha samhandlingskompetanse
- Kompetanse og erfaring med organisasjonsutvikling er ein fordel
- Erfaring frå PPT eller anna rettleiing/rådgjevingsteneste er ein fordel
- Søkjar må kunne arbeide tverrfagleg
- Søkjar må ha god kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
- Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing
Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponera bil.
Vi tilbyr:- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd
- Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Rettleiing
- Fleksitid
- Løn etter kvalifikasjonar. Relevante funksjonstillegg vil verta vurdert.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
- Kvinnherad kommune har gratis SFO og reduserte barnehageprisar
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 17-11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2737500
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3398861_226019_nn