Vil du vera med på laget ved Voss ungdomsskule?
Voss herad Voss ungdomsskule
Olavsvegen 5, 5700 Voss
Om jobben
Stillingstittel
Assisterande rektor ved Voss ungdomsskule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 10. mai
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Arbeidsoppgåver
- Personalansvar og leiing av eitt av trinna ved skulen
- Del av stillinga vil vera tillagt noko undervisning - ca 30 % stilling
- Bidra med å utvikla profesjonelle læringsfellesskap
- Forvalta skulen sine ressursar på ein måte som sikrar god trivsel og læring for elevar og tilsette
- Fylgja opp heradet sine satsingar og nasjonale føringar for grunnskuleopplæringa
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare pedagogisk utdanning
- Du har gode digitale ferdgiheiter
- God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
- Leiarerfaring vil vera ein fordel, men ikkje eit krav.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Du har eit framtidsretta syn på læring og pedagogikk, med god innsikt i forsking på skuleleiing og evnar å nytte denne kunnskapen i praksis.
Me tilbyr
- Ein arbeidskvardag som gjev meining
- Ein spanande og utviklande jobb i ei kunnskapsbedrift med høg kompetanse
- Ein skule som er oppteken av felles kollektiv kompetanseheving og kvalitetsutvikling
- Gode støttefunksjonar innan fag, personal og økonomi
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2628796
- Sist endret
23. april 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3337539_212971_nn