Vitskapleg assistent ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi
Jobbnorge ID: 164753
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY
Vitskapleg assistent
Ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei midlertidig stilling som vitskapleg assistent (100 %) frå så snart som mogleg og fram til 31.12.2019.
Stillinga er knytt til forskingsprosjekt innanfor SFF normentmidlar.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
- Stillinga er knytt til forskingsprosjekt på hørselshallusinasjonar, spesielt bruk av fMRI for analyse av hjernenettverk, med professor Kenneth Hugdahl som prosjektleiar.
- Sentrale arbeidsoppgåver vil vere å kjøre MR eksperimenter, bearbeide og analysere forskingsdata, samordne logistikk og skanningtid for MR-undersøkingar, samordne og oppdatering av databaser og datafiler relatert til prosjektet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha avlagt bachelorgrad, fortrinnsvis mastergrad. Graden må vere avlagt innan søknadsfristen.
- IT-erfaring eller tilsvarande er et krav
- Generell interesse for forsking innan nevrovitskap er en fordel
- Søkjaren må ha kunnskapar i engelsk
- Søkjaren må ha erfaring med MATLAB programmering og med dataverktøy for prosessering og analyse av brain imaging data, samt beherske tilsvarende statistiske analyseverktøy.
- Vi søkjer ein person som er nøyaktig og ryddig og har god gjennomføringsevne, som kan arbeide sjølvstendig og samarbeide i team, er strukturert og målretta, har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt er fleksibel og serviceinnstilt.
- Den som vert tilsett må ha god evne til å kommunisere skriftlig og munnleg.
Om stillinga som vitskapleg assistent:
Me gjer merksam på at i henhold til <<Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent og spesialistkandidat>> vert denne stillinga rekna som ei åremålsstilling, og at samla tilsettingstid som vitskapleg assistent ikkje kan overstige to år.
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Løn etter lønssteg 42 - 47 (kode 1019/1020) etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 391 400 - 421 300 brutto.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Søknad
- CV med kopi av eventuelle skriftlege arbeid
- Stadfesta kopiar av vitnemål og attestar
Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.
Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- professor Kenneth Hugdahl, Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, tlf. 55 58 62 77, hugdahl@uib.no
- instituttleiar/professor Robert Murison, Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, tlf. 55 58 62 25. murison@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.