Sommarjobb i Ferie-SFO
Har du lyst på ein aktiv sommarjobb saman med barn Kvam?
Kvam herad søkjer etter assistentar til ferie-SFO i veke 26 og 27, sommaren 2024 . Ferie-SFO er open for barn som skuleåret 23/24 går i 1. - 4. klasse, og eldre barn med særskilte behov. Det vert kursing og førebuing torsdag 20. og fredag 21. juni 2024. Stad: Norheimsund skule.
Arbeidsoppgåver
SFO-leiarane i Norheimsund og Øystese har hovudansvar for å leggja til rette og planleggja aktivitetar knytt til ferie-SFO med fokus på opplevingar på skulen og i nærmiljøet. Assistentane har ansvar for gjennomføring av aktivitetane saman med barna.Kvalifikasjonar
- Me søkjer deg som held på med relevant utdanning innan barnehage og skule, eller har anna relevant erfaring/ utdanning knytt til arbeid med barn.
- Du må vera fylt 18 år og bør ha førarkort kl. B
Dei som vert tilsett i stillingane må leggja fram politiattest ved tilsetjing (skal ikkje vera med i søknaden).
Personlege eigenskapar
Me treng deg som:
- er i godt humør og byr på deg sjøl
- likar å vera saman med barn og taklar ulike utfordringar
- er trygg i rolla som vaksen
- har gode samarbeidsevner
- er seviceinnstilt og engasjert
- er fleksibel og løysingsorientert
- møter andre på ein respektfull og open måte
- likar å vera ute i allslags vêr
Vi tilbyr
- Ein sommarjobb der du får praktisk erfaring med å vera med ulike barn i ulike aktivitetar
- Ferievikarar i Kvam herad vert løna etter sentral tariffavtale
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Linda Haugland Jondahl, Rektor Norheimsund skule, +47 905 95 991Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 4783592708
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 02.05.2024
Om bedriften
Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og her kan du oppleva «bygda med bypuls», handlegate, strandveg og bystrand. Les meir