Vikariat - Dagleg leiar Bygland frivllighetsentral
Bygland Kommune
Sentrum 18, 4745 Bygland
Om jobben
Stillingstittel
Vikariat - Dagleg leiar Bygland frivllighetsentral
Type ansettelse
Vikariat
Antall stillinger
1
Alle kan bidra med noko og alle treng ei hand i bland. Bygland frivilligsentral brenn for at menneske skal møtas og berika kvarandre. Å bidra for andre gjennom frivillig innsats skapar ny meining i livet. Frivilligsentralen er kort sagt ein møteplass som formidlar kontakt mellom folk i lokalmiljøet. Formålet med frivilligsentralen er å støtta opp om og utvikla det frivillige arbeidet i Bygland. Det er særs viktig å etablera eit tett og godt samarbeid med lag og organisasjonar i kommunen.
Bygland frivilligsentral held til i den gamle prestegarden på Bygland som ligg ved fjorden. Eit flott gamalt hus der me har to stover, nytt kjøkken og ein Utstyrssentral. Den gamle prestegarden blir brukt av lag og organisasjonar til møte på kveldstid. Det er òg mogleg å leige lokalet. Bygland frivilligsentral vil vere eit bindeledd mellom laga og samarbeida om ulike prosjekt.
Me har no ledig 100 % vikariat i stilling som dagleg leiar ved Bygland frivilligsentral. Du vil ha stableiar for samfunnsutvikling, som din næraste leiar.
Vi tilbyr
Spanande og givande oppgåver i arbeidet med å skapa møte mellom menneske.Du inngår i faglege nettverk lokalt, regionalt og nasjonalt.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar. Fleksibel arbeidstid. Det må påreknast noko kveld og helgearbeid i stilling.
Lønn etter gjeldane tariff.
Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har beda om at søknaden får fritak frå offentlegheit. Søkjarar vil bli varsla dersom oppmodinga om reservasjon ikkje kan imøtekommast (jf. Offentleglova § 25).
Arbeidsoppgåver
- Rekruttera frivillige som ønskjer å yta ein innsats for andre, skapa eit godt miljø for dei og gi rettleiing.
- Drift og utvikling av BUA Bygland.
- Laga møteplassar, og koordinera frivillig innsats i lokalsamfunnet.
- Fanga opp udekte behov for frivillig bistand og leggja til rette for frivillig innsats som møter behova, og setja i verk og koordinera ulike aktivitetar som ikkje blir dekte av kommunale tenester.
- Samhandling med kommunale hjelpetenester om tenester som kan utførast av frivilligheita.
- Medverka til godt samarbeid mellom frivillige organisasjonar, enkeltpersonar, kommunen og andre samarbeidspartnarar.
- Koordinera og for gjennomføra den årlege TV-aksjonen, julegåveaksjon og matkasseaksjon.
- Være vertskap for besøkjande på frivilligsentralen.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis innan folkehelse, samfunnsvitskap eller sosialfag.
- Fagutdanning eller lang erfaring kan kompensera for kravet om høgskuleutdanning, etter ei sæskilt vurdering.
- Det er ein fordel om du har erfaring med frivillig arbeid og organisasjonsarbeid.
- Det er ein fordel om du har erfaring med budsjettstyring og økonomioppfølging.
- Det er ein fordel om du har erfaring med prosjektleiing.
- Det er ein fordel med erfaring om og kjennskap til sosiale medium.
- Du har god evne til å løysa både teoretiske og praktiske oppgåver.
- Det er ein fordel om du har kjennskap til offentlege prosessar og forstår korleis kommunen er organisert.
- Dersom du har andre morsmål enn norsk, må du dokumentera at du har språknivå tilsvarande B1. Gjeld ikkje søkjarar med eit skandinavisk språk som morsmål.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som er nysgjerrig, strukturerte og analytisk.
- Du er sjølvgåande, med mot og vilje til å prøva ut tiltak og prosjekt kvar utfallet er uvisst.
- Du er fleksibel, positiv og har lett for å omstilla deg.
- Du kommuniserer godt med ulike menneske.
- Du er oppteken av folkehelse, levekår og mangfald.
- Du jobbar systematisk og målretta både med sjølvstendige oppgåver og i samarbeid med andre.
- Du har høg grad av toleranse overfor menneske med ulik sosial, kulturell og religiøs bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Aslak Jørundland Brekke, Leiar Samfunnsutvikling, +47 91693675Arbeidssted
Sentrum 184745 Bygland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland KommuneReferansenr.: 4706634763
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Sluttdato: 31.08.2024
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2431791
- Sist endret
10. oktober 2023
- Hentet fra
talentech
- Referanse
59ed449a98764dc6a151ca12f34542bd