Sjukepleiar
Heimetenesta, Eggesbøtun
Sjukeheimsvegen 5, 6092 Fosnavåg
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ynskjer du å vere med og yte god omsorg til pasientane våre? Vi har ledig ei fast, 100 prosents stilling som sjukepleiar i pleie- og omsorgsavdelinga. Du vil arbeide både ved omsorgsbustadane på Eggesbøtun og i heimar rundt om i ytre Herøy.
Stillinga er ledig frå 15.04.2024. Arbeidstida er turnusarbeid på dag og kveld, med arbeid to av seks helger.
Stillinga er delt slik:
- 60 prosent av arbeidet vert utført ved omsorgsbustadane
- 15 prosent er lagt til vakter i heimetenesta ute i distriktet
- 25 prosent er knytt til bemanningsteam med arbeid ved moderavdeling og heimeteneste
Tilsette ved Eggesbøtun har døgnkontinuerleg turnus knytt til Eggesbøtun og eit tett samarbeid med heimetenesta ute.
Eggesbøtun har 15 omsorgsbustadar med heildøgnsbemanning og 16 bustadar med delvis bemanning. Nokre av bustadane er knytte til rulleringsopphald, korttidsopphald og avlastning.
Seksjonen har ein fagkoordinator med AKS-utdanning (Avansert klinisk sjukepleieutdanning) som er fagleg leiar. Kompetanse, fag og utvikling står i fokus.
Sentrale utviklingsstrategiar er knytte mot Tørn-prosjektet, som dreier seg om oppgåvedeling, rett kompetanse, smart bruk av ressursar og kompetanseauke i personalgruppa.
Arbeidsoppgåver
- sjukepleiefaglege oppgåver
- rettleiingsoppgåver
- tverrfagleg samarbeid
- kartleggingsoppgåver
- sikre gode pasientforløp
Kvalifikasjonar
- bacherlorutdanning som sjukepleiar
- erfaring frå arbeid i heimetenesta kan vere ein fordel
- kan bruke IKT som arbeidsverktøy, erfaring med Gerica er ein fordel
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- må ha førarkort klasse B
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskapar
- likar faglege utfordringar
- kan samarbeide godt i team
- har fokus på heilskapleg pasientforløp
- er strukturert, sjølvstendig og er god til å prioritere arbeidsoppgåver
- er løysingsorientert og fleksibel
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtale
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- fagdag i turnus kvar 6. veke
- BAT (bevegeleg arbeidstid) som gir personalet større fleksibilitet i turnus
- godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
- IA- bedrift
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Elsebe Rindalsholt, Seksjonsleiar, +47 99210059Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 56092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4790486454
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.04.2024
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy med lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritid-og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!
Nettsted
https;//www.heroy.kommune.no
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2618664
- Sist endret
26. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
800014fd4ceb452ab1dc0cae92d15d5e