Avdelingsleiar Øystese skule
Øystese skule, Kvam herad
Ingebrigt Vik-vegen 28, 5610 Øystese
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar Øystese skule
Oppstart
1. august 2024
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
ER DU VÅR NYE ENGASJERTE AVDELINGSLEIAR for 1. -7. trinn?
Øystese skule er ein barneskule for 1.-7. trinn, sentralt plassert i vakre Øystese sentrum med Hardangerfjorden som næraste nabo. Skuleåret 2024/ 2025 har skulen 254 elevar, rektor, to avdelingsleiarar, sekretær, 28 lærarar, sju fagarbeidarar, to miljørettleiarar og tre lærlingar. Dei tilsette har høg fagleg kompetanse og god samarbeidskultur. Variasjon i undervisning og arbeidsmåtar, gode relasjonar og inkluderande klasseleiing er viktig i Kvammaskulen.
Alle skulane i Kvam har støttesystem som gjev rask hjelp til elevar når behov dukkar opp. Skulen har eit aktivt og engasjert elevråd og foreldregruppe som støttar opp om eit trygt og godt skulemiljø.
Utviklingsområde skulen har fokus på: Implementering av ny læreplan, BTI (Betre tverrfagleg innsats),VFL (vurdering for læring) ,LP (læringsmiljø og pedagogisk analyse) og Udir si oppfølgingsordning med trygt og godt skulemiljø, ordinær og inkluderande undervisning og leiarstøtte som fokusområde.
Arbeidsoppgåver
Som avdelingsleiar vil du:
- ha oppgåver som inneber fag- og personalansvar i skulen sitt leiarteam
- vidareutvikla ein trygg og god skule, med eit inkluderande læringsmiljø for elevane
- leia, motivera og utvikla eit profesjonelt læringsfellesskap som støttar og utfordrar
- bruka forskingsbasert kunnskap og skapa engasjement om felles mål i tråd med LK 20
- leggja til rette for at lærar/fagarbeidarar vert tildelt oppgåver ut frå kompetanse slik at læringsutbytet for kvar elev aukar
- prioritera mellom mange arbeidsoppgåver og møta det uforutsette med ro, tryggleik og godt humør
- støtta rektor i å driva skulen i tråd med vedtekne rammer, politiske og administrative vedtak og lovverk
- involvera og samarbeida med elevar, tilsette, føresette og andre samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
- godkjent pedagogisk utdanning for barneskule jf. forskrift til opplæringslova § 14-3
- digital kompetanse og interesse for digital utvikling av skulen
- erfaring frå undervisning på 1.-7 trinn er ei føremon
- skuleleiarerfaring og/eller nasjonal skuleleiarutdanning er ei føremon
Ved nytilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jfr. Opplæringslova § 10-9. Denne skal ikkje leggjast ved søknaden.
Personlege eigenskapar
Me legg vekt på personlege eigenskapar som:
- gode relasjons- og samarbeidsevner
- at du er trygg, tydeleg, strukturert og systematisk
- at du har evne til å inspirera, rettleia, tenkja nytt og jobba målretta med utfordringar
- gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg
- engasjement og fleksibilitet
- at du evnar å arbeida systemretta, sjå heilskapen og utvikla Kvammaskulen i tråd med lovverk, læreplanar og politiske føringar
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø og teamkultur
- leiarsamlingar med alle 80 leiararane i kommunen
- systemretta utvikling av skulen med vekt på kollektiv kapasitet
- spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- løn etter sentralt og lokalt lønnsystem
- gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Inga Lill Jensen Tolo, Leiar for skule, +47 951 19 865Arbeidsstad
Ingebrigt Vik-vegen 285610 Øystese
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 4788921067
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 23.04.2024
Om bedriften
Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og her kan du oppleva «bygda med bypuls», handlegate, strandveg og bystrand. Les meir
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2615307
- Sist endret
24. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
28b1f91975764dafaf3132dd58ea0454