Lærling i helsefagarbeid
Org. nr: - Stillingsident: 4472532843 Presentasjon av stillingen:
- Helse Førde har lange tradisjonar og poistive erfaringar med opplæring av helsepersonell. Vi kan tilby ulike læreplassar som er spanande og utfordrande i eit godt fagmiljø med rom for utvikling. Fagleg ansvarleg/utdanningskoordinator og våre dyktige retleiarar sørgjer for at du får tett og individuell oppfølging
- Som lærling skal du arbeide ved sengepostar innan psykisk helsevern, kirurgi eller medisin anten i Sunnfjord eller i Sogn.
- Som eit ledd i utdanninga, rullerar lærlingane til andre fagavdelingar i to omgangar i løpet av læretida. Det er utarbeidd eigen kompetanseplan som sikrar at måla i læreplan for helsefargarbeidar vert ivaretekne og kan oppnåast
- Ber om at det i søknaden blir opplyst kva region du helst ønskjer å få tilbod om læreplass. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
Arbeidsoppgåver
- Pasientbehandling og pleie
- Arbeidsoppgåvene er tilpassa læreplanen sine kompetansemål
- Turnus med arbeid kvar tredje helg
Kvalifikasjonar
- Bestått VG 1 Helse og oppvekstfag
- Bestått VG 2 Helsefagarbeidar
- God datakunnskap/tryggleik i bruk av digitale verktøy
- God orden og åtferd
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
Utdanningsretning
- Helsefagarbeidar / Hjelpepleie
Utdanningsnivå
- Vidaregåande skule
Personlege eigenskapar
- Motivasjon for å være lærling og for å verte rettleia
- Motivasjon og interesse for fagfeltet
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner
- Imøtekomande og syner respekt for pasientar, pårørande og kollegaer
- Pliktoppfyllande og initiativrik
- Må trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
- Personleg eigna
- Referansar vert etterspurt
Vi tilbyr
- Du får løn etter tariff for lærlingar
- Vi kan tilby eit spennande arbeidsmiljø med god oppfølging og rettleiing etter opplæringsplanen
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Variert praksis
- Eigne fagdagar for lærlingar som er tilpassa kompetansemål i opplæringsplanen
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift(IA-bedrift)
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Line Anita Hjorthaug, Utdanningskoordinator og fagleg ansvarleg for lærlingar i helsefagarbeid, (+47) 910 08 356
Arbeidsstad
Førde sentralsjukehus, Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Førde
Referansenr.:4472532843
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 06.02.2022
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.