100% stilling som miljørettleiar ved Jondal skule og SFO
Ullensvang kommune Jondal skule
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ledig 100% fast stilling som miljørettleiar ved Jondal skule og SFO, fom 01.08.24
Jondal skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen har 138 elevar, og ca 30 tilsette i alle aldrar. Me ligg fint til i sentrum av bygda Jondal, i nær tilknyting til både barnehage og kulturskule. Skulen er nyleg rehabilitert, og har fått fleire nybygg.
Me jobbar for tida med utviklingsarbeid saman med UH-sektoren og Hardanger-Voss kompetanseregion. Dette arbeidet går over to år, og tema er djupnelæring.
Me søkjer etter miljørettleiar for småsteget og SFO. Arbeidet er knytt til tett oppfølging av enkeltbarn, i samarbeid med skule og heim.
Kvalifikasjonar:
godkjent utdanning som vernepleiar, barnevernspedagog eller annan relevant høgskuleutdanning for arbeid i skule og SFO.
relevant erfaring frå skule, SFO, eventuelt barnehage.
erfaring med, og interesse for arbeid med enkeltbarn som treng tett oppfølging.
har eller kan ta livredningsprøve for basseng.
personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Personlege eigenskapar:
har god relasjonskompetanse.
har god formidlingsevne .
samarbeidar godt i lærande fellesskap.
er lojal og ansvarsfull mot skulen sitt formål.
er løysingsorientert og fleksibel.
Me tilbyr:
eit godt arbeidsmiljø.
eit godt pedagogisk utviklingsmiljø.
lønn etter avtaleverk.
hjelp til å finna bustad.
varierte arbeidsoppgåver.
spennande arbeid.
lønn etter hovudtariffavtalen.
gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen.
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
politiattest
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2656109
- Sist endret
5. juni 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3353871_193969_nn