Kommunefysioterapeut - 70 % fast stilling med moglegheit for 30 % tidsbegrensa vikariat.
Omtale av arbeidsstaden
Vi ønskjer DEG på laget!
Avdeling fysio, ergo og hjelpemiddelservice er ei avdeling som består av 11 tilsette fordelt på 4 årsverk i fysioterapi, 1,8 årsverk i ergoterapi, turnuskandidat i fysioterapi og 2, 4 årsverk som hjelpemiddelteknikarar.
Avdelinga blei i mai 2018 samanslått med Sauherad kommune og yter i dag tilbod til brukarar i både Bø og Sauherad kommune. I 2020 vil dei to kommunane vere Midt- Telemark kommune. I tillegg har dei to kommunane privatpraktiserande fysioterapeutar både med og utan driftsavtale. Det finnast også ein Frisklivssentral i Bø.
Avdelinga disponerer nye, tilrettelagte lokalar i underetasjen på Bø Sjukeheim. Der har vi kontor, behandlingsrom, treningssal og hjelpemiddellager/verkstad. Vi har også eksterne fasilitetar på Sauherad Bygdeheim.
Kort om stillinga
Vi ynskjer ein kommunefysioterapeut i 70% fast stilling, med moglegheit for 30% tidsavgrensa vikariat.
Stilling ledig i frå 1.april 2019.
Avdelinga ønskjer å fremme aktivitet og deltaking i befolkninga, og det er ønskeleg at søkjarar har interesse for å arbeide helsefremmande og førebyggjande. Stillinga vil kunne formas noko etter søkars erfaring og kvalifikasjonar.
Arbeidsoppgåver
" Gruppebehandling
" Individuell undersøking, kartlegging og behandling av brukarar 0-100 år. Oppfølging i både barnehage, skule, i heimen, i eigne lokalar og på sjukeheim/institusjon
" Tverrfaglig samarbeid med kollegaer i og utanfor avdelinga
" Helsefremmande og førebyggjande arbeid
" Habilitering og rehabilitering
" Delta i vidareutviklinga av avdelinga og tenestetilbodet
Krav til utdanning og ønskja kvalifikasjonar
" Norsk autorisasjon som fysioterapeut
" Førarkort klasse B. Søkjar bør kunne disponera eigen bil til tenestekjøring.
" Ønskeleg med kjenneskap til og erfaring i frå kommunehelsetenesten, gjerne erfaring med born og unge.
" God skrifteleg og munnleg framstillingsevne
" Beherske IKT-verktøy
Personlege eigenskapar
" Gode evner til å jobbe sjølvstendig og tverrfagleg. Evne til å stå i ein hektisk kvardag.
" Gode sosiale ferdighetar, og gode kommunikasjons og samarbeidsevner
" Engasjert, fleksibel, strukturert og effektiv
" Bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø
" Personleg egnetheit vil bli vektlagt
Offentleggjering
Iflg. Offentlighetslova § 25 pliktar arbeidsgjevar å gjere søkjar oppmerksam på at opplysningar om søkjarane kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om å bli unntatt offentlegheita. Bø kommune vil varsle søkjara som har bedt om unnatakelse frå offentlegheit hvis dette ønskjet ikkje kan imøtekomast.
Anna
Bø kommune er ei IA-verksemd, og vi er opptekne av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet
Særskilt for stillinga
Krav op politiattest.
E-læringskurset for nytilsette skal tas før oppstart i stilling.
Vi tilbyr
Søknad må sendast elektronisk via valet "søk på stilling" på heimesida til Bø kommune.
Om du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein e-post med kvittering om at søknaden er mottatt.
Søknad sendast
Om bedriften
Bø kommune ligg i Midt-Telemark og har omlag 6600 innbyggjarar, administrasjonsspråket er nynorsk. Bø kommune er først og fremst ein skule- og handelskommune, med solid forankring i jord- og skogbruk samt allsidig næringsliv. Kommunen har eit godt utbygd tilbod innan kultur, idrett og fritid. Vi er også midt i en spennande førebuingstid med hensyn til kommunesammenslåing i 2020 med Sauherad kommune.