Vil du vera med å gjera ein forskjell i barns oppvekst?
Hjelmeland kommune Fister skule
Solbjørvegen 62, 4139 Fister
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut Fister skule 100 % vikariat
Type ansettelse
Vikariat
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 20. september
Har du lyst til å bli ein del av "Team Fister" der tryggleik og utvikling står i fokus?
På vår skule er me opptatt av å spela på lag og gjera kvarandre gode. Skuleåret 2024/2025 treng me forsterkningar på laget vårt. Kan det vera deg?
Har du eit ekstra engasjement for barn som krev veiledning og oppfølging? Vil du gjera ein forskjell i barns oppvekst? Er du ein trygg og ansvarsbevisst vaksen? Tek du initativ, er tålmodig, raus og omsorgsfull?
Då er det deg me søker!
Frå 15. november 2024 til 31. juli 2025 har me behov for ein ekstra på laget i eit 100% vikariat.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- oppfølging av barn med tilrettelegging
- tett samarbeid med dei andre tilsette
- tett samarbeid med føresette
- samarbeid med interne og eksterne instansar
Kvalifikasjonar og vilkår
- ønska relevant kvalifikasjonar på bachelornivå med norsk språkkrav B2
- personar med fagbrev i barne- og ungdomsarbeid eller helsefag kan og søkje
- gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar. Ønskeleg med minimum B2
Me søkjer etter ein person som
- har evne til å skape gode relasjonar til barn, foreldre og kollegaer
- har eit medmenneskeleg og pedagogisk engasjement, der eleven er i fokus
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og kan jobbe strukturert
- er fleksibel, løysnings og utviklingsorientert
- kan setje seg inn i nye arbeidsoppgåver og tileigne seg ny kunnskap
- er tålmodig, varm, raus og med godt humør
Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- ein skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
- gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- fagleg kompetanseutvikling for alle tilsette
- eit rikt friluftsliv og eit godt kulturtilbod i kommunen
Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette.
Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnedsetting, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønskjer likevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2731897
- Sist endret
30. august 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3393957_205387_nn