Trainee i Nordic Mining: Forretningsstøtte og ESG
Framtidsfylket AS
6817 Naustdal
Om jobben
Type ansettelse
Trainee, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest lørdag 1. mars
Kunne du og tenke deg den same sjansen til å bidra til noko stort, og opparbeide deg verdifull erfaring i eit tverrfagleg og innovativt miljø? Då er denne stillinga perfekt for deg!
Om stillingaVi søker ein nysgjerrig, engasjert og lærevillig trainee som vil bidra i grensesnittet mellom økonomi og ESG (miljø, samfunnsansvar og selskapsstyring). Dette er din moglegheit til å starte arbeidslivet i ein ung organisasjon i oppstartsfasen, der du får jobbe med strategiske og operative oppgåver.
For riktig kandidat vil stillinga bli tilpassa dine interesser og kompetanse, med moglegheit for fordjuping i spesifikke fagområde.
Arbeidsoppgåver- Bidra aktivt i avdelinga finans og forretningsstøtte. På avdelinga ligg til dømes ansvaret for økonomi, innkjøp, logistikk og HR.
- Støtte arbeid knytt til berekraftsrapportering.
- Delta i utvikling og implementering av strategiske ESG-initiativ.
- Nyutdanna innan økonomi, berekraft, miljøleiing eller andre relevante fagfelt.
- Interesse for ESG og berekraftige forretningsmodellar.
- Gode analytiske evner og evne til å arbeide strukturert.
- Erfaring med eller interesse for databehandling og rapporteringsverktøy.
- Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe på tvers av fagfelt.
Hos oss får du sjansen til fagleg utvikling med tett oppfølging og rettleiing frå erfarne kollegaer. Du vil vere med og påverke og bidra i ein viktig prosess og få verdifull erfaring med ESG og berekraftsrapportering. I Nordic Mining vil du bli del av eit inkluderande, engasjert og internasjonalt arbeidsmiljø med kollegaer frå fire forskjellige kontinent.
Denne stillinga er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram
Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Krav til norskkunnskap: B1
Om bedriften
Frå 15. desember venter fleire traineestillingar på deg i Vestland.
Er du nyutdanna eller fersk i arbeidslivet? Delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram og set spor frå dag éin!
Meld deg på nyheitsbrevet vårt og hald deg oppdatert.
Kva vil det seie å vere trainee i Framtidsfylket? Her får du svara på ofte stilte spørsmål.
Vestland byr på eit variert og spennande næringsliv med store karrieremoglegheiter!
Framtidsfylket er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag jobbportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser.
Vår jobb er å synleggjere kva som rører seg på jobbmarknaden og kva fritid du kan skape deg i trivselsfylket. Målet er rekruttering og auka tilflytting.
Framtidsfylket.no tilbyr deg gode verktøy for jobbsøking og rekruttering av nye tilsette. Portalen fungerer som eit virtuelt samlingspunkt for arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar, og er alltid oppdatert med siste nytt.
Les meir på Framtidsfylket.no
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2863208
- Hentet fra
karriere.no
- Referanse
12aea903-5baf-418a-95c8-cdd93b657d64