Tilkallingsvikar- barnehageassistent
Bemanningssenteret, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikar barnehageassistent
Type ansettelse
Vikariat, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest søndag 29. desember
Bemanningssenteret i Helse Bergen søker tilkallingsvikarar til dei 4 personalbarnehagane
våre. Barnehagane legg vekt på å gje barna ein kvardag kor læring skjer
gjennom utforsking, leik og glede i godt samspel med barn og vaksne.
Vi søker deg som har erfaring med jobb i barnehage og gjerne er i eit utdanningsløp til barne- og ungdomsarbeider eller barnehagepedagog.
Vedkomande som vert tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest jfr. Lov om barnehagar §30
Arbeidsoppgåver
- Arbeid med enkeltbarn og grupper av barn
- Støtte barna i leik og venskap
- Ta del i felles arbeids- og ansvarsoppgåver på avdelinga og i barnehagen
- Delta aktivt i gjennomføring av det pedagogiske arbeidet
- Dagleg foreldresamarbeid
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med erfaring frå arbeid i barnehage
- Erfaring frå arbeid med små barn
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Grunnleggande IKT kompetanse
- Må ha fylt 18 år
Personlege eigenskapar
- Syner interesse og engasjement i arbeid med barn
- Viser respekt for barna og har evne til å sjå det einskilde barnet sitt behov
- Er leiken, nysgjerrig og utforskande i lag med barna
- Evner å ta ansvar og har oversikt over barnegruppa
- Respektfull og raus i arbeidet med barn, kollegaer og føresette
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig
Vi tilbyr
- Flotte barn og engasjerte foreldre
- Triveleg arbeidsmiljø med imøtekommande medarbeidarar
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Cathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar, cathrine.fauske-haferkamp@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4875473968
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 29.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2808059
- Hentet fra
talentech
- Referanse
035957f939c043a68e8bfc7f327ff0d2