Jobbspesialist IPS
Nav Sogndal Tenester til arbeidsgjevar
Dalavegen 29, 6856 Sogndal, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgivar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Evnar du å skape gode relasjonar og resultat? Kan du motivere andre og deg sjølv? Har du god gjennomføringsevne og ser etter moglegheiter? Då er du den vi ser etter!
IPS er ei forkorting for Individuell jobbstøtte, som er eit tilbod til arbeidssøkarar som har psykiske, rusrelaterte eller samansette utfordringar, og som ønskjer å komme i jobb eller utdanning. Deltakarar får tett oppfølging frå jobbspesialisten, og oppfølginga vert tilpassa individuelle behov. Jobbspesialisten støttar deltakaren i prosessen med å finne rett arbeidsplass/studie og behalde jobben over tid.
IPS er eit samarbeid mellom Nav og helsetenesta, og jobbspesialisten vil vere knytt til behandlingsteam på Indre Sogn psykiatrisenter og barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk. I tillegg vil jobbspesialisten jobbe tett mellom anna med tenester som rettleiingstenesta/OT, VGS og barnevernstenesta. Som jobbspesialist vil du ha ei rolle som skal sikre gode og arbeidsretta tenester for arbeidssøkarane. Jobbspesialistar brukar opptil 60% av tida si på oppsøkande arbeid. Du må rekne med ein del reise til dei ulike kommunane i indre Sogn.
Vi ser etter deg som vert motivert av å arbeide med menneske, har trua på at alle, til tross for psykiske eller fysiske utfordringar, kan studere og/eller få og behalde ein ordinær jobb, og som ønskjer å bidra på eit svært viktig samfunnsområde. I Jobbstøtte Sogn vil du bli ein del av eit team på tre jobbspesialistar og ein metoderettleiar, som ser fram til å få ein ny jobbspesialist med på laget. Stillinga er ledig frå 01.01.25.
Arbeidsoppgåver
Du skal arbeide etter IPS-metodikk i tett samarbeid med deltakar, behandlar, studiestad/arbeidsgivar og Nav. Dette betyr at du skal:
- oppsøke utdanningsinstitusjonar og bedrifter, skape dialog og bygge nettverk
- nytte minst 60-65% av arbeidstida ute i lokalmiljø med personlege møte med deltakararar og studiestader/arbeidsgivarar
- rettleie deltakarar i høve eigne preferansar når det gjeld utdanning og/eller jobb, kompetanse, kvalifikasjonar samt sterke sider
- saman med deltakar legge ein plan for studier eller jobb etter deltakar sine mål og ønskje
- engasjere og motivere både deltakar, studiestad, arbeidsgivar, pårørande og andre personar i nettverket rundt deltakar
- delta i behandlingsteam og ha eit tett samarbeid med behandlarar
- samarbeid med eksterne tenesteytarar om deltakar har utfordringar knytt til bustad, sosiale forhold, økonomi eller anna
- ha jamlege møte med Nav-rettleiarar
- dokumentere arbeidet
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god digital kompetanse
- erfaring med relasjonsarbeid og/eller rettleiing
- førarkort klasse B
Det er ønskjeleg at du har:
- erfaring frå jobb med unge menneske og utdanning
- kunnskap om utdanning- og arbeidsmarknaden i region Sogn
- erfaring med IPS, eller kjennskap til prinsippa i IPS
- erfaring med oppsøkande kundekontakt og nettverksbygging
Personlege eigenskapar
- Du bygger nettverk, er initiativrik og fleksibel
- Du skapar tillit og gode relasjonar med dei du møter og samarbeider med
- Kan prioritere og er målretta og strukturert
- Du er motivert og har god gjennomføringsevne
Vi tilbyr
- Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver i engasjerte team
- Store moglegheiter til fagleg og personleg utvikling
- Varierte arbeidsdagar med stor fridom til å legge opp eigen timeplan
- Godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
- Fleksibel arbeidstid, hybrid arbeidskvardag og trening i arbeidstida
- Naudsynt opplæring og kurs innan IPS og rolla som Jobbspesialist
- Gode pensjons- låne og forsikringsordningar i Statens Pensjonskasse. Det vert trekt 2% innskot frå løna til Statens pensjonskasse.
- Statleg stilling i rådgivarkode 1434, lønnsspenn frå kr. 565 900 - 624 500 (ltr 58 - 64). For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Les meir om Nav som arbeidsgivar på www.nav.no/no/nav-og-samfunn/om-nav/sok-jobb-i-nav/nav-som-arbeidsgiver
Kontaktinformasjon
Linn Katrine Vange Fivelsdal, Metoderettleiar, 468 34 031, Linn.Katrine.Vange.Fivelsdal@nav.noRigmor Wathne, Avdelingsleiar NAV Sogndal, 472 86 676, Rigmor.Wathne@nav.no
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 4882629160
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2787423
- Hentet fra
talentech
- Referanse
af4cb4c596654419b7bf6fde1b01b4e0