Helgestilling
Interkommunale helsetenester ved Nordfjord sjukehus har ledig ei fast 14 % helgestilling. Er du sjukepleiarstudent, helsefagarbeidar eller ambulansefagarbeidar som er interessert i akuttmedisin, og likar å jobbe tverrfaglig, er dette stillinga for deg!
Stillinga har per no dagvakter frå 10.00 -17.30 laurdag og søndag, kvar 3. helg. Arbeid på heilagdagar må påreknast, og blir fordelt på tre tilsette i helgestilling. Stillinga er ledig 01.05.23.
Stad kommune er vertskommune for interkommunale helsetenester. Eininga omfattar legevakt, legevaktformidling og øyeblikkelig hjelp døgneining. Tenesta dekkjer kommunane Stryn, Stad og delar av Kinn (tidlegare Vågsøy kommune). Som tilsett ved dei interkommunale tenestene/ØHD arbeider ein i team og tett opp mot lege og sjukepleiar i vakt. Ein har mange spennande og utfordrande oppgåver og arbeider både på sengepost og på legevakt. Nordfjord legevakt er bemanna av fastlegane i Nordfjord. Det er ein fordel med interesse og erfaring frå akuttmedisin og sengepost.
Arbeidsoppgåver
- Observasjon, pleie og behandling på sengepost
- Leggje til rette og assistere ved undersøkinga og behandling på legevakt
- Ta prøver og måling av vitalia
- Ansvar for matservering, skylleromsarbeid og å holde avdelinga ryddig gjennom vakta
- Vil også kunne delta på utrykking med legebil
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter sjukepeiestudentar, helsefagarbeidar eller ambulansefagarbeidar
Personlege eigenskapar
- Arbeider godt både i team og sjølvstendig
- God til å kommunisere i akutte og krevande pasientsituasjoner
- Fleksibel
- Gode samarbeidsevner
- Likar utfordringar i arbeidskvardagen
- Er strukturert
Vi tilbyr
- God opplæring og øving i akuttmedisin
- Kollegaer med god kompetanse
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter tariff
- God pensjons- og forsikringsordning
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Stad kommune har 6 månaders prøvetid. Politiattest skal leverast før start i stillinga.
Ynskje om førerkort kl B , men ikkje ei forutsetning for stillinga.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med einingsleiar ved Interkommunale helsetenester, Grete Aud Totland.
Kontaktinformasjon
Grete Aud Totland, Einingsleiar Interkommunale helsetenester, 95819005, grete.aud.totland@stad.kommune.noArbeidsstad
Nordfjord sjukehus6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4639940705
Stillingsprosent: 14%
Fast
Søknadsfrist: 10.04.2023
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 500 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!