Rådgjevar Geodata
Stillingsinformasjon
Alver kommune treng ein ny medarbeidarar innan Geodata, for snarleg tilsetting.
Stillinga vil i hovudsak ha som arbeidsområde sakshandsaming og oppmålingsforretningar etter matrikkellova, eigarseksjonslova, rettleiing av kundar og støtte for matrikkel og kart, kundekontakt og andre utviklings- og driftsoppgåver ved avdelinga.
Om arbeidsplassen
I 2019 vil stillingen inngå i eit team med 5 andre medarbeidarar ved geodata-avdelinga i Lindås kommune, med kontorstad i Knarvik. Frå 2020 vil geodata-miljøet i dei tre kommunane Lindås, Meland og Radøy inngå i eit større fagmiljø i Alver, organisert under tenesteområde Arealforvaltning ved Teknisk forvaltning og drift.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet omfattar kommunen sine oppgåver etter matrikkellova og eigarseksjonslova.
Ønskt kompetanse
Vi søkjer deg som har relevant ingeniørfagleg utdanning, gjerne på masternivå, minimum på bachelornivå. Relevant erfaring er av særs stor betydning. Du må like utstrakt kontakt med ulike partar og aktørar, samstundes som du må kunne ta ansvar og arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
Løn etter avtale
God pensjonsordning
Søknad
Søknad skal sendast via vårt elektroniske søknadssystem.
Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med ved eventuelt intervju.
Om bedriften
Lindås, Meland og Radøy byggjer Alver kommune. Etter samanslåinga 1.1.2020 blir vi ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.500 tilsette. Kommunane våre ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og ope hav til høge fjellområde. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv. Regionsenteret Knarvik ligg ca 30 min med bil frå Bergen sentrum. Regionsenteret har god kollektivdekning via buss eller snøggbåt.Alver kommune har mål om å vere eit kraftsenter i regionen, og ein viktig samarbeidspart for bykommunen Bergen. Vi treng engasjerte og kompetente medarbeidarar - som vil oppleve at arbeidsoppgåvene og bidraget deira er meiningsfylt og del av eit viktig samfunnsoppdrag.