Naustdal bu- og miljøteneste har ledige stillingar
Naustdal bu- og miljøteneste, yter døgnkontinuerleg tenester til personar med utviklingshemming som treng langvarige og koordinerte tenester.
Arbeidsoppgåvene er knytt til praktisk bistand og opplæring. Dette inneber støtte og opplæring i dagleglivet sine gjeremål. Støtta er også hjelp til å ivareta den psykiske og fysiske helsa til den enkelte, samt delta og legge til rette for sosiale aktivitetar.
Personalbasen vår er knytt opp til omsorgsbustader, men vi yter også tenester til personar som bur andre stader i Naustdal. Arbeidsoppgåvene er spennande og varierte. Dei gjev deg ansvar, faglege utfordring og mykje glede. Vi ynskjer å levere gode og meiningsfulle tenester der gode kvardagar står i sentrum.
Vi har ledig:
- 200 % fast stilling som vernepleiar/ sjukepleiar.
Vi oppmodar og andre med helse og sosialfagleg høgskuleutdanning om å søke. Tredelt turnus og med langvakter. Med arbeid kvar 4 eller 3 helg.
- 100 % vikariat som fagarbeidar til august 2024. Turnusen er for det meste på natt. Med arbeid kvar 3 helg.
Krav til søkar:
- har autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar/ eller anna relevant treårig høgskule(høgskule stillingane)
- Fagbrev innen helse og omsorg (fagarbeider stillinga)
- har ønske og glede av å arbeide med menneske med ulike hjelpebehov
- har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- har evne til å samarbeide i team like godt som sjølvstendig
- er fleksibel, løysningsorientert og påliteleg
- har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- har evne til å reflektere og stimulere til god etisk praksis
- har førarkort klasse B
Viktige arbeidsoppgåver:
- sikre eit fagleg og målretta miljøterapeutisk arbeid til brukargruppa
- dagleg oppfølging av brukarar
- legemiddelhandtering
- sikre at gjeldande lovverk, vedtak og bestemmelsar blir følgde
- sikre at nødvendige dokument og planar blir utarbeidd
- ansvar for koordinering og oppfølging av ansvarsgrupper
- samarbeide med tverrfaglege instansar og pårørande
- vere ein pådrivar til fagleg utvikling og rettleiing
- sikre journalføring- vi nyttar fagprogrammet cosdoc
- arbeid med helse og omsorgslova kap 9
Vi legg vekt på at du:
- er ein god lagspelar og bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- trivast å jobbe både sjølvstendig og i team
- taklar utfordrande åtferd og uforutsette situasjonar
- er fleksibel, stabil og endringsvilleg
- er god på relasjonsbygging og skape tillit
- er fagleg oppdatert og engasjert
Vi kan tilby deg:
- engasjerte kollegar
- eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- pasientnært og fagleg fokus
- varierte og spennande faglege utfordringar
- god opplæring
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Godkjent politiattest av ny dato må leverast før du tiltrer i stillinga.
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk.
Link til søknadsskjema: Søk her