Avdelingsleiar ØHD og Overgrepsmottak
Kommunalområde Helse, Ålesund kommune
Åsesvingen 16, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar ØHD og Overgrepsmottak
Antall stillinger
1
Verksemd legetenester og akutt helseberedskap held til på Ålesund lokalmedisinske senter på Åse. I tillegg til dei interkommunale tenestene vi har på bygget som legevakt, øyeblikkeleg hjelp døgnplassar (ØHD) og overgrepsmottak, har vi også ansvar for offentlege legetenester samt drift av kommunale legekontor i Ålesund. Verksemda har administrasjonslokaler på Kremmergaarden legesenter i tillegg til på Åse.
No har vi ledig ei spennande stilling som avdelingsleiar for ØHD og overgrepsmottaket. Ein vert ein del av eit team som arbeider for å oppretthalde og vidareutvikle tenestane i samhandling med øvrig leiargruppe, omliggande helsetenester og kommunar.
Arbeidsoppgåver er blant anna:
- Leie, planlegge, koordinere og tilrettelegge for arbeidet i dei to tenestene.
- Ivareta drifta i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
- Avdelingsleiar har personal, resultat- og fagansvar
- Kompetanseutvikling og kvalitetsarbeid i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Gode datakunnskapar
- Godt kjennskap til kommunehelsetenesta
- Fordel med erfaring frå relevante tenester
- God på tverrfagleg samarbeid mellom ulike profesjonar
- Høg fagleg interesse - i dette ligg også utdanningsnivå og utdanningsretning. Fortrinnsvis sjukepleiar på bachelor/ Master nivå.
- Leiarerfaring.
Personlege eigenskapar
- Personleg egna for stillinga vil bli lagt stor vekt på
- Interesse for å vere med vidare i ein spanande utvikling av tenestene i kommuna
- Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid
- Evne til å jobbe i team
- Evne til fleksibilitet
- Godt humør og positiv fremtoning
- God arbeidskapasitet
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse og trivelige arbeidskollegaer
- Spanande, varierende og utfordrende arbeidsoppgåver
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Torfinn Strand Vingen, Ass. kommunalsjef, 970 14 452Arbeidsstad
Åsesvingen 166017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4798115909
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2024
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2626796
- Sist endret
6. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5de42696a2a240c6ba76aed12bbb495b