Årsvikariat - spesialprest for ungdom i Sogn prosti med Sogndal som tenestestad
Vi har ledig årsvikariat som spesialprest for ungdom i Sogndal.
Sogndal er den største kommunen i Sogn prosti, med om lag 12200 innbyggjarar og med ungdomskull i overkant av 100. Kommunen er det viktigaste skulesenteret i Sogn og Fjordane, og den vidaregåande skulen har 750 elevar med mange hybelbuande elevar frå regionen. Sogndal folkehøgskule har om lag 100 elevar, medan Høgskulen på Vestlandet sitt Campus har om lag 2.400 studentar. Meir informasjon finn ein på www.sogndal.kommune.no og www.hvl.no.
Sogn prosti dekkar kommunane Årdal, Lærdal, Aurland, Luster, Sogndal, og Vik. Her er 13 prestestillingar. Prosten samlar med jamne mellomrom prestane i prostiet til fagleg utvikling, åndeleg fellesskap og kollegafellesskap.
Indre Sogn byd på storslått natur med høge fjell, djupe fjordar og vakre, levande bygder, for fastbuande og tilreisande. Sjå til dømes www.fjellsportfestivalen.no. Her er svært gode tilhøve for allsidig og aktivt friluftsliv heile året.
Du som vert tilsett vil gjere presteteneste særleg retta mot ungdom og studentar i skule- og studiesenteret Sogndal. Som ungdomsprest har du det faglege hovudansvaret for konfirmantundervisning i Sogndal kommune, i tett samarbeid med sekretær, sokneprestar, diakon, trusopplæringsleiar og andre kyrkjeleg tilsette og frivillige. Det er god oppslutnad om konfirmantarbeidet, med om lag 100 konfirmantar i året, fordelt på fem sokn og tre ungdomsskular. Andre trusopplæringstiltak har også stor oppslutnad. Sokna har i fellesskap eit gjennomarbeida opplegg for konfirmantåret, med mellom anna undervisningssamlingar, konfirmantleir, aktivitetsgrupper, gudstenester, konfirmantdagar med meir.
Det ligg også til stillinga å ha kontakt med eksisterande ungdomsklubbar og fritidsaktivitetar for ungdom i området. Det er etablert fast samarbeid med studentsamskipnaden Saman, som har kontor på Campus. I denne stillinga har den som blir tilsett stor fridom til å utforme og bidra innan ungdoms- og studentarbeid ut over konfirmantarbeidet, både etter eige initiativ og i samarbeid med lag og organisasjonar i bygda.
Sogndal er tenestestad. Spesialpresten har kontor saman med dei andre tilsette i kyrkja i Sogndal. Sogndal kyrkjekontor ligg på Stedjetunet like ved Stedje kyrkje i Sogndal sentrum. Der har òg prosten sitt kontor. Stillinga som spesialprest har prosten som arbeidsleiar. Stillinga er ledig frå 1.august.
Målforma er nynorsk. Søkjarar bør disponere bil.
Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unnatak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unntak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter.
Arbeidsoppgåver
- Presteteneste for ungdom og studentar i skule – og studiesenteret Sogndal
- Konfirmasjonsundervisning og konfirmantarbeid
- Beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja
- Noko tenestearbeid med gudstenester og kyrkjelege handlingar
Kvalifikasjonar
- cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi og praktikum
- Medlemskap i Den norske kyrkja
Personlege eigenskapar
- Evne til å kommunisere om kristen tru med unge menneske.
- Evne til å tenkje heilskapleg og samarbeidsretta om det kristne tilbodet for ungdom i regionssenteret.
- Evne til å leie samarbeid med frivillige medarbeidarar og tilsette med ulik fagbakgrunn
- Søkjar må kunne samarbeida også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje
Vi tilbyr
- Stillingskode 1465 Spesialprest, etter KA sitt tariffområde
- Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse
- Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
- Til løna kjem særskilde regulativmessige godtgjersler
- Mentor-ordning
Kontaktinformasjon
Kjell Olav Høstaker Nordheim, Prost i Sogn, 48243056Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276
Arbeidsstad
Kyrkjevegen 66856 Sogndal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Den norske kirkeReferansenr.: 4796381347
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 28.04.2024