Liker du å gjera reint, å vera til nytte for andre? Då har me kanskje jobben for deg!
Voss herad Reinhaldsavdelinga
Uttrågata 9, 5700 Voss, 5712 Vossestrand, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Reinhaldar- faste stillingar
Type ansettelse
Fast, heltid 100% og deltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. januar
- 3 fast i 100% stilling, reinhald i teamet, rundt om i heradet.
- 1 fast i 50% stilling, reinhald på Vossestrand, Sundve og Vinje.
Bygg og eigedom har ansvar for å byggja, drifta og vedlikehalda bygg og eigedomar i Voss herad. Reinhald er ein viktig del av vedlikehaldet og Reinhaldsavdelinga er ein avdeling med 52 tilsette som er organisert under Bygg og eigedom, teknisk etat. Reinhaldsavdelinga har reinhald for rund 50 ulike bygg i Voss herad.
Arbeidsoppgåver
- For alle stillingane gjeld dagleg reinhald, periodisk- og hovudreinhald etter plan.
- Arbeidet utførast innanfor normalarbeidstid, dvs. mellom kl. 07:00 (06:00) -17:00.
- For å ivareta helse, inneklima og bygg, bruker me mest mogeleg maskiner i arbeidet.
- Du må kunne samarbeida med brukarane på bygga for å få utført dette arbeidet på beste måte for alle.
- Du må kunne samarbeida med kollegaer ved andre bygg, hjelpa til ved sjukefråvær og andre oppdrag som arbeidsleiar planlegg.
- På sikt vil dei som jobbar i team også få opplæring i spesialreinhald.
Kvalifikasjonar
- Du må meistra norsk skriftleg og munnleg tilsvarande nivå A2, i det felles europeiske rammeverket for språk.
- Grunnleggjande datakunnskapar, og kunne bruke dette i dagleg kontakt med avdelinga
- Førarkort for bil, klasse B.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Det er ynskjeleg at du:
- Fagbrev som reinhaldsoperatør er ein fordel, men ikkje eit krav.
- Har erfaring frå reinhaldsyrket.
Personlege eigenskapar som vert vektlagt:
- Har gode kommunikasjons og samarbeidsevner.
- Er kreativ og løysingsorientert.
- Jobbar systematisk, strukturert og effektivt.
- Du er interessert i faget, og å vera oppdatert på metodar og læra å bruka nytt utstyr.
- Du likar å jobbe i team, men kan og jobbe sjølvstendig.
- Du er utadvendt og likar å jobbe med born og vaksne rundt deg.
- Du omstiller deg raskt alt etter kva arbeidskvardagen byr på.
- Du har ei positiv og fleksibel innstilling til arbeidet.
Me tilbyr:
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Du må skrive i søknaden kva du søkjer på, evt. i prioritert rekkefølgje.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2814722
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3440967_212359_nn